Byggepakkar og teikningar

No kan du laste ned ferdige byggepakkar frå naturmøteplass.no - heilt gratis!

Her finn du byggepakkane. Inkludert i pakkene er teikningar, budsjett, materialliste, tips til bygginga og 3D-modular. Du kan endre og vidareutvikle dei digitale 3D-teikningane ved hjelp av det gratis nedlastbare programmet SketchUp.  

Nedanfor ser du byggepakkane:

Lage arbeidsteikningar sjølv: 

Når du skal lage arbeidsteikningar kan du sjølvsagt bruke papir og blyant. Du kan òg bruke eit gratis teikneprogram kalla SketchUp for å sjå om ideen "heng i hop", eller for å lage ei fin teikning du kan vise til kommunen, finansiørar og dugnadsfolk. 

Det tek litt tid å setje seg inn i programmet. Av vår eigen erfaring er du i gang med å teikne etter ca ein halvtime, om du er litt vant med data. Ta det som ei utfordring. Truleg får du bruk for kunnskapen meir enn ein gong. 

Ferdige teikningar av naturmøteplassar:

Du finn 3D-teikningar av alle byggepakkane vi har utvikla i SketchUp. Du må ha dette programmet nedlasta for å kunne finne mål og eventuelt utvikle teikningane vidare.

Her kan du sjå ein 7 minuttars film om korleis SketchUp virkar

Her kan du laste ned SketchUp.

For å hente 3D-teikningane i Sketchup brukar du ei fildelingsteneste som heiter 3D Warehouse. For å laste ned teikningane må du opprette ein gratis brukar i 3D Warehouse. Søk på "Naturmøteplass" for å fram teikningane vi har lagt inn.

Når du er inne på 3D Warehouse og skal laste ned filer kan du få spørsmål om du vil laste dei direkte opp i SketchUp. Her trykker du nei. Du bør lagre fila lokalt først, og deretter åpne dei for å ha tilgang til alle funksjonar.

Her kan du sjå ein to minuttars film om korleis du brukar 3D Warehouse. Du finn fleire filmar om 3D Warehouse og SketchUp på Youtube.