Støtteordningar


Det finst ei rekkje støtteordningar for deg som vil søkje om midlar til naturmøteplass.

Mange av desse er lokale, t.d. via kommunen eller lokale bedrifter, og ein del er regionale, via fylkeskommunen eller stiftingar. Andre igjen er nasjonale. Her vil vi presentere nokre av dei støtteordningane som mange har brukt når dei har søkt om midlar til naturmøteplass.

Gjensidigestiftelsen:

Gjensidigestiftelsen har søknadsfrist 15. september. For å søkje Gjensidigestiftelsen må organisasjonen ha eit organisasjonsnummer. Ein søkjer via nettsida www.gjensidigestiftelsen.no. Gjensidigestiftelsen støttar tiltak innan fem innsatsområde:

  • Sikkerheit
  • Meistring og læring
  • Sosial inkludering og mangfald
  • Fysisk aktivitet
  • Kosthald

Spelemidlane:

Spelemidlane er midlar frå Norsk tipping, som blir fordelt til ordinære idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, friluftslivanlegg og kulturbygg. Naturmøteplassane kan søkje om midlar til friluftslivanlegg.

De søkjer via kommunen, som prioriterer mellom dei innsendte søknadene og sender dei vidare til fylkeskommunen. For å kunne søkje må plassen (anlegget) vere rullert inn i kommunale planverk, t.d. kommunen sin plan for fysisk aktivitet, og ha fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning i kommunen. De må legge ved kostnadsoverslag og finansieringsplan. De må også lage ein driftsplan for plassen og dokumentere at de har rett til bruk av grunnen, t.d. ein grunneigaravtale som er tinglyst og varer i minst 30 år. Meir informasjon finn de på www.idrettsanlegg.no.

Midlar til friluftstiltak:

Dette er midlar frå Miljøverndepartementet, som blir fordelt av fylkeskommunane. Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremmande, trivselsskapande og miljøvenleg friluftsliv for alle grupper. Frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligheitsregisteret og interkommunale friluftsråd kan søkje. Du finn fram til støtteordninga via fylkeskommunen sine nettsider.

Frifond:

Frifond er ei støtteordning som skal gå til frivillig aktivitet for born og unge. Frifond kan søkjast via moderorganisasjonen (t.d. 4H Norge) eller direkte via www.frifond.no. For å få frifond må tiltaket vere lokalt og allmennyttig. Minst 1/3 av deltakarane må vere under 26 år, og gruppa må vere demokratisk, open og inkluderande. Gruppa må ha kulturaktivitet som ein del av verksemda for å kunne søkje.

Vaksenopplæringsmidlar:

Om organisasjonen er med i ein studieorganisasjon kan ein søkje om vaksenopplæringsmidlar. 4H Norge er med i Studieforbundet Natur og Miljø, saman med mange andre natur- og friluftsorganisasjonar. Midlane skal gå til opplæringstiltak for vaksne over 14 år, der det må vere eit minimum tal deltakarar og timar.

Ein kan søkje til kurs både med og utan lærar. Satsen med lærar varierer frå år til år, men kan ligge rundt 100 kr per time. Bygging av naturmøteplass er læring, og ein kan dermed søkje om vaksenopplæringsmidlar til både planlegginga og det praktiske arbeidet med å lage plassen. Meir informasjon på www.vofo.no.

Andre støtteordningar:

I tillegg til desse finst det svært mange andre støtteordningar. Sparebankane har fond og stiftingar ein kan søkje frå. Større bedrifter har ofte sponsormidlar eller tilskot til frivillig verksemd. I tillegg kan ein mange stader søkje midlar via kommunen, hos andre lokale lag eller via fond, stiftingar og legat.

Ein kan finne meir informasjon om dette via t.d. legathandboken.no eller tilskuddsportalen.no (krev at kommunen abonnerer på ordninga). Du kan også søkje deg fram via kommunal eller fylkeskommunal nettside, eller følgje med på nettsidene til moderorganisasjonen