DRAUMEPLASSEN-
KONKURRANSEN

5 vinnarar får 100 000,- kvar og prosjekthjelp til å lage naturmøteplass i nærmiljøet.
Fristen var 15. mai 2018.
Vi fekk inn 14 søkjarar frå Sogn og Fjordane. Juryen har kome fram til desse fem vinnarane:

Bergkrystallen 4H, i samarbeid med Lavik IL

Instedalen Skianlegg, i samarbeid med Instedalen Krins og Von 4H

Jomentum Barnekor, i samarbeid med Flora Pensjonistlag

Norane Idrettslag

Solstrålen 4H

Vi gratulerer hjarteleg dei fem vinnarane! Vi ynskjer også å takke for innsatsen og engasjementet til søkjarane som diverre ikkje vann.

Ved spørsmål, kontakt
Roger Eide, Prosjektleiar
mob: 95250129,  e-post: roger.eide@4h.no

Last ned informasjon og søknadskriterium.
Last ned søknadsskjema (Word-fil til å fylle inn i).

Ein kan godt seie at naturmøteplassane er friluftsversjonen av ballbingane. Her treng du ikkje å gå på den høgaste toppen eller investere i dyrt utstyr for å få gode naturopplevingar. Utan for mykje førebuingar kan du og familien din stikke bort på naturmøteplassen på ein vanleg ettermiddag og ha det kjekt ilag.
— eldsjel

Sjå film om naturmøteplassane:

Mitt beste tips viss du vil bygge ein naturmøteplass?
Start med draumen! Fortell entusiastisk om den, slik at fleire vert oppgira.
Dess fleire som vert gira, dess større sjanse for at draumen vert verkeleg.
— eldsjel