Prosjektet Godt Tilgjengeleg

Prosjektet Godt Tilgjengeleg har farga tankane i alt arbeidet med Møteplass: Naturen.

4H Sogn og Fjordane har i samarbeid med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) i Sogn og Fjordane etablert ei ressursgruppe med folk som har forskjellige funksjonsnedsettingar som gjev dei utfordringar med å delta i friluftslivet. Prosjektet har namnet Godt Tilgjengeleg, og er støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det vart som ein del av prosjektet òg halde innlegg på idédugnaden FRIluftsLIV på Barmen i Selje kommune i november 2015, og delteke på den nasjonale konferansen Utstyrt for fremtiden i Drammen i februar 2016.

Arbeidet med Godt Tilgjengeleg danna samstundes grunnlaget for kronikken Dørstokkbeistet som stod på trykk i Bergens Tidende, Firda og Sogn Avis.

Godt Tilgjengeleg har farga våre tankar i arbeidet med heile Møteplass: Naturen-prosjektet. Det kan du for eksempel sjå på sidene Tilrettelegging og Aktivitetstips og under delen Trygg og sikker.