Å vere aktiv i naturen

Å delta i friluftslivet gjev verdifulle erfaringar. I den norske naturen finn vi utfordringar, inspirasjon, glede og meistring.

Naturen gjev oss så mykje godt. Det er ei enorm glede å få bidra til at "arven" - friluftsgleda - går vidare til neste generasjon. 

I naturen kan vi utforske, leike, spikke med kniv og tenne bål. Lære seg å bruke elv, sjø og vatn, snø og is. Vi kan lære oss å vise omsorg for natur og dyr. Vi kan lære å kjenne att og respektere gammalt kulturlandskap. Og verne om naturen i ei ny tid. 

Bevegelse viktig
Stadig meir forsking fortel oss om kor farleg det er å ikkje bevege seg. Men skaden som kjem av å ikkje bevege seg, er mindre synleg enn han som braut armen då han stod på ski. 

Dei fleste som har lært å spikke, har ein eller annan gong skore seg i fingeren. Verdien av å kunne handtere reiskap er verdt det. Nokre gonger kan ein ramle. Verdien av å lære seg å bruke kroppen sin overgår holet på buksekneet. Skrubbsåret og. Det er rett og slett meir farleg å la vere.

Dele gleda
Tenk tilbake: Kor kom di eiga friluftsglede frå?

- Det var nokon der, sant? Nokon som tok deg med, som viste deg, som leika og undra saman med deg. Det same kan du gjere for nokon. Det er stort!

Trygge rammer
Å ta med menneske ut i noko dei ikkje kjenner ber alltid med seg eit visst ansvar. Det er det same ansvaret om du er på byvandring eller på skogsvandring. Om vi planlegg godt kan vi nesten alltid unngå større uhell. Og med øving og rett utstyr kan du lære deg å handtere det uforutsette òg. 

Ha med nok vaksne. Ha tydeleg struktur, så alle veit kva dei har ansvar for. Kjenn området og ta hensyn til vêr og føre. I venstremenyen finn du forskjellige verktøy du kan bruke. 

God tur!