DagROS: Eit planleggingsverktøy

Her kan du laste ned og lage di eiga risiko- og sikkerheitsanalyse (ROS-analyse). Vi kallar det DagROS fordi dette er eit kjapt verktøy for mindre turar eller arrangement. 

Poenget med å føreta ei ROS-analyse er å tenkje systematisk gjennom kva som kan skje, korleis vi kan unngå at det skjer, og kva vi kan gjere dersom det skulle skje likevel. Å pakke tursekken er som ein liten ROS-analyse - kan det hende at eg vert våt på beina? Treng eg gnagsårplaster? Ta det med i sekken, så er du førebudd. 

Eit skjema kan kanskje verke litt kantete og strevsamt dei første gongane, men det er fleire fordelar med dette:

  1. Du får systematisert tankane og kvalitetssikrar at du har tenkt på alt. 
  2. Du har eit bevis på at du har planlagt godt og tatt omsyn til sikkerheita. 
  3. Du kan ta vare på skjemaet og bruke erfaringane neste gong du skal planlegge. 

Det er viktig at alle som er med i planen kjenner til den og veit om oppgåvene sine. Aller best er det at de lagar planen i lag. Hugs òg at det ikkje alltid er utstyr som er viktigast. Er det nokon som kan førstehjelp? Har vi lagra kvarandre sine mobilnummer? 

Last ned skjemaet: ROS-SKJEMA