Byggepakkar

No kan du laste ned ferdige byggepakkar frå www.naturmøteplass.no - heilt gratis.

¨

For å gjere det lettare å gå frå idé til ferdig naturmøteplass har vi i lag med fire lokale 4H-klubbar og sivilarkitekt Bjørn-Are Vollstad utvikla byggepakkar for naturmøteplassar.

Vi trur dette kan vere til hjelp både i idéfasen, når ein skal søkje om midlar og i gjennomføringa av prosjektet. Gjennom byggepakkane tek vi utgangspunkt i eksisterande naturmøteplass-bygningar med teikningar, materialliste, materialkostnadar, skildring av bygget og tips til prosessen. Du kan òg laste ned 3D-teikningar gjennom gratisprogrammet SketchUp. Les meir om SketchUp, byggepakkane og korleis du kan teikne sjølv eller bruke dei eksisterande 3D-teikningane.

Gå gjerne til Gode eksempel for å lese og sjå bilete av endå fleire naturmøteplassar enn dei vi har laga byggepakkar for no!

Nedanfor har vi lista opp byggepakkane: