Om prosjektet Møteplass: Naturen

Foto: Geir Aardalsbakke

Foto: Geir Aardalsbakke

I 2014 sette 4H Sogn og Fjordane, i samarbeid med 4H Norge og andre samarbeidspartar, i gang det toårige utviklingsprosjektet Møteplass: Naturen. 

Hovudmålet i prosjektet er at fleire born og unge skal få oppleve glede og auka kunnskap ved å vere i naturen. Me ynskte å utvikle lokale naturmøteplassar på nye stadar og hjelpe dei lokale organisasjonane i arbeidet med å drifte og utvikle aktiviteten og tilboda på eksisterande naturmøteplassar.

Naturmøteplassane er lokale arenaer for lågterskel-aktivitetar innan natur og miljø. Eller enklare sagt: friluftsfolket sitt svar på ballbingar. Dei er opne, tilgjengelege og familievenlege, og er ein fysisk møtestad ved sjøen, på fjellet, i skogen eller på opparbeidde friluftsområde i nærmiljøet. Nokre av naturmøteplassane er universelt tilrettelagt.

Nettsida www.naturmøteplass.no er produkt av prosjektet og skal fungere som inspirasjonskjelde, aktivitetsbase og prosjektverktøy for framtida. Nettsida vart ferdigstilt hausten 2016. Våren 2017 vart tre av fire byggepakkar lasta opp, medan den siste vart lasta opp hausten same år. 

Fakta om Møteplass: Naturen
Prosjektleiar i prosjektperioden frå 2014 til 2016 har vore Hanna de Groot for 4H Sogn og Fjordane. Referansegruppe for prosjektet har vore Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Røde Kors, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Sogn og Fjordane Turlag har vore samarbeidspart. Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen, Extrastiftelsen, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Miljødirektoratet/4H Norge.  

For meir informasjon om prosjektet, ta gjerne kontakt med:
Silje Beate Fossbråten, fagkonsulent friluftsliv i 4H Norge, silje.fossbraaten@4h.no
Åge Avedal, regionleiar for 4H Sogn og Fjordane og 4H Møre og Romsdal, age.avedal@4h.no

Mål for prosjektet
Hovudmålet med prosjektet er at gjennom Møteplass: Naturen skal fleire born og unge oppleve glede og auka kunnskap ved å vere i naturen. Vi skal utvikle lokale naturmøteplassar på nye stadar og hjelpe dei lokale organisasjonane i arbeidet med å drifte og utvikle aktiviteten og tilboda på eksisterande naturmøteplassar.    

Resultatmål for Møteplass: Naturen:

  1. Gjennomføre minst 15 kommunevise/regionvise nettverkssamlingar for organisasjonar i Sogn og Fjordane med erfarings- og idéutveksling kring utvikling av tilboda på naturmøteplassane.
  2. Gjennomføre minst 20 lokale møte for å diskutere drifta og vidareutvikling av naturmøteplassen.
  3. Årleg bistå minst 5 lokalmiljø i planlegginga av ein ny naturmøteplass.
  4. Årleg tilby 1-2 instruktørkurs for ungdom og vaksne leiarar innan friluftslivsleiing, naturmangfald, kulturlandskap og naturmøteplass. 
  5. Samle erfaringane frå arbeidet med lokale naturmøteplassar i ein nettbasert idébase som kan nyttast av lokale organisasjonar og skular over heile landet.   
  6. Utarbeide idébank med sommar- og vinteraktivitetar i friluft med spesielt fokus på naturmangfald, kulturlandskap, miljøvern og tilrettelegging av aktivitetar.
  7. Utvikle ei leiarutdanning i friluftsliv, og tilby kurset Leiar i friluft og kurs om naturmøteplass i inntil 10 andre fylke for lokale friluftsorganisasjonar og skular.
  8. Vidareutvikle konseptet Naturmøteplass gjennom bygging av 1 eller 2 naturmøteplasspilotar. Arbeide for å få naturmøteplassar godkjent som nærmiljøanlegg. 

Sluttrapport for prosjektet kan du lese her!