Søknad og budsjett

Korleis kan vi få fram den gode søknaden?

For det første er det viktig å lese utlysingsteksten nøye. Treff vi blink med prosjektet vårt? Det kan også vere lurt å merke seg kva ord dei brukar i utlysingsteksten, slik som «helse», «natur», «lågterskel» osv. Bruk gjerne desse orda i eigen søknad, men overdriv ikkje bruken!

Det kan vere lurt å ta kontakt med den som skal ta imot søknaden for å presentere prosjektet og få råd til søknaden. Spør om kva du må legge vekt på i søknaden. Bruk denne kontakten for å selje prosjektet.

Start å fylle ut søknadsskjemaet, eventuelt på å skrive søknaden om det er ein open søknad. Bruk utdrag frå prosjektplanen direkte i søknaden (klipp og lim). Legg gjerne frå deg søknaden ei stund, før du tek tak i den igjen.

Ver sikker på at du svarar på spørsmåla i skjemaet. Bruk tid på tittelen og innleiingsteksten. Det er her du skal selje prosjektet. Det er ikkje sikkert at sakshandsamar les stort meir enn dette… Legg ved det dei ber om, t.d. prosjektplan, budsjett og finansieringsplan, eller bilete, illustrasjonar og presentasjonar.

Alle søknader og prosjektplanar skal innehalde eit budsjett. Dette er ein oversikt over forventa inntekter og utgifter. Når du budsjetterer bør du vere litt visjonær. Det er betre å ta i litt ekstra både på inntekts- og utgiftssida, enn å risikere å gå i minus.

Ta med alle tenkeleg kostnader. Dugnadsinnsats er ein slik kostnad. Her kan de rekne med alle timar alle (kvar og ein) brukar totalt i prosjektet. I følgje «Satelittrekneskap for ideelle og frivillige organisasjonar» er satsen per dugnadstime 350 kr.

Her er eit eksempel på budsjett for ein naturmøteplass, med aktuelle inntekts- og utgiftspostar.