Få alle med!

Involver flest mogleg i prosjektet så tidleg som råd. Ver lydhør for andre sine forslag og idear. 

Slik skaper du eigarskap og engasjement som kjem godt med når de kjem til dugnadsdagane. 

Diskuter, teikn, skriv, gå på ekspedisjonar saman i området. Alle generasjonar har noko å bidra med, frå den minste til den største. Pensjonisten har tid og erfaring, foreldra vil gjerne lage det fint for ungane sine. Ungdommar kan vere med i planlegginga, dei mindre kan teikne og vise med leiken sin korleis dei vil bruke naturmøteplassen. Samarbeid mellom lag og organisjonar gjev mindre arbeid på kvar.

Arbeidet med å involvere barn og unge i alle delar av naturmøteplassprosjektet er utruleg viktig. Dei lærer mykje av prosessen. Det er også slik ein får fram dei beste ideane og utviklar ein plass som dekker dei faktiske behova. 

I Møteplass: Naturen inviterte me til "Draumefangardagar" for å involvere alle som ønskte det. Du kan lese meir om det her: Draumeplassane

Vil det ikkje koke ut i kålen om alle skal vere med og bestemme i alle ledd? 

Jau, prosessen kan opplevast for lang, både for borna og for dei vaksne. - Det er skikkeleg demotiverande, så her er det ein balanse. Medisinen er prosjektstyring og å feire alle små suksessar. 

Sett opp ei tidslinje for prosjektet så tidleg som mogleg og skriv på eventuelle søknadsfristar, samt sesongvariasjonar: Når er det mogleg å gjere grunnarbeid i området? Når er moglege byggeperiodar? 

Legg til rette for raske resultater og ta plassen i bruk frå første dag. For eksempel kan første seier vere innkjøp av: Kano? Bålpanne? Gå saman og bygge ein sjusteinsovn? Open dag? Ei slakkline? Familiebenk? Nokre turskilt? Dei som bidreg i dei små tiltaka får eit forhold til plassen.