Prosjektplanen


Å lage ein naturmøteplass er eit prosjekt.

Eit prosjekt er ei arbeidsform som er avgrensa i tid, har eit klart definert mål, krev at fleire samarbeider og blir gjennomført innan visse ressursrammer, t.d. pengar, folk og tid.

Eit prosjekt kan vere lite eller stort, og det vil truleg vere lurt å dele opp eit naturmøteplassprosjekt i fleire mindre delprosjekt.

Kanskje kan tilrettelegging av området, som rydding av sti, hogst, planering og oppsetting av bord og benkar vere eit delprosjekt? Utedo kan vere eit anna delprosjekt. Bygging av til dømes gapahuk, gamme eller anna bygg kan vere eit delprosjekt. Tilrettelegging for aktivitetar kan vere endå eit delprosjekt.

Prosjektplanen er eit godt verktøy. Prosjektplanen er ein stad å samle ideane og tankane til dei involverte, den gir oversikt over mål, tiltak, ressurspersonar, økonomi mm. og er ypparleg å bruke når ein skal søkje om midlar.

De kan gjerne lage ein større plan for hovudprosjektet, der ein set seg mål for minst eit år framover, og mindre prosjektplanar for dei meir kortvarige delprosjekta.

På denne måten kan det vere enklare å søkje midlar og få med folk som gjerne ikkje vil binde seg over lang tid. Deler ein opp i mindre prosjekt er det også lettare å sjå resultatet..

Prosjektplanen bør innehalde:

1.    Eit kort samandrag. Der presenterer ein prosjektet kort og kven som står bak.

2.    Hovudmål. Prosjektet sitt mål i eit setning.

3.    Tiltak / resultatmål / delmål. Sett dette opp punktvis. Måla bør vere målbare.

4.    Målgruppe.

5.    Bakgrunn. Kva «utfordring» vil vi løyse? Siter gjerne planar i kommunen eller kloke folk.

6.    Framdriftsplan. Dette er viktig ved større prosjekt.

7.    Budsjett. Forventa inntekter og utgifter. Hugs dugnad / eigeninnsats.

8.    Organisering av prosjektet. Kven styrer prosjektet? Korleis har vi tenkt å rapportere?
 

Då er det berre å sette i gang å planlegge og skrive!