Introduksjon til prosjektpakka

Drøymer de om å lage ein naturmøteplass?

For å gjere det enklare å realisere draumen har vi laga ei prosjektpakke med verktøy for prosjektstyringa. Prosjektpakka er bygd på erfaringane til mange andre som har laga naturmøteplass før deg.

Vi håpar den er til god hjelp - lukke til!


Start gjerne med å sjå korleis Bukta 4H organiserte sitt naturmøteplassprosjekt:

 
 
 

Rekognosering

IMG_7883.JPG

Kor skal vi starte?

Den som først kjem på tanken om eit naturmøteplassprosjekt kallar vi idè-eigaren. Når idè-eigaren har sett føre seg eit aktuelt område, er det lurt at idè-eigaren "luftar" ideen med grunneigaren, før ein set i gong eit stort engasjement i klubben eller laget. Grunneigaren treng ofte litt tenkjetid og ber gjerne om meir informasjon.

Dersom det er vanskeleg å forklare kva ein naturmøteplass er, så kan de jo sjå på denne nettsida og lese om prosjektpakka i lag? 

Om grunneigaren synest det verkar greitt, så kan idè-eigaren gå vidare med idèen. Då er neste steg å sjå om det er oppstartsvilje hos dei frivillige og at ein får med seg ei prosjektgruppe.

 

Kva er ein bra plass?

På jakt etter den beste plassen i det aktuelle området.

No bør de involvere fleire. Ta med born i forskjellige aldrar. Sjå kor dei trivst og leikar best.

Nokre gongar veit ein med ein gang kor naturmøteplassen skal vere. Då er det gjerne ein plass som allereie er i bruk. Andre gongar er det lurt å leite litt og teste ut forskjellige plassar. Tenk gjennom korleis den vil endre seg gjennom alle årstider. Her er ei lita sjekkliste: 

Kva aktivitetar kan me legge til rette for her?

  • Aking

  • Elveleik / vannmøller

  • Skøyter

  • Konsert

  • Urtesanking / plantelære

  • Oppdagingsferd

  • Turstiar

  • Overnatting

  • Historiske plassar/kulturminne

  • Klubbmøter

  • Fuglekikking / fuglekassar

  • Matkurs

  • Uteskule

  • Padling

  • Fisking

  • Matlaging

  • Turmål for familiar

  • Bærplukking

  • Volleyball

  • Konglegolf

  • Sopptur

  • Lære om dyr

  • Frisbeebane

  • Skileik

  • Natursti

  • Familiedagar

  • Turlagsturar

Nokre ting er mindre konkrete, men minst like viktige: 

  • Ta dykk tid og bruk alle sansar.

  • Er det godt å vere her?

  • Kor er den naturlege samlingstaden?

  • Er det kjekt å leike her?

  • Korleis kan dette verte ein Draumeplass?

20150827_130838 (Medium).jpg

Så det praktiske: 

  • Er det gode solforhald?

  • Vert elva stor om våren eller hausten?

  • Må taket tole mykje snø?

  • Korleis er det med mygg og flått her?

  • Vert isen trygg om vinteren?

  • Må me ta hensyn til sterke vindråser når me vel bygning?

  • Kor kan ein parkere?

  • Er det mogleg å tilrettelegge tilkomsten slik at flest mogleg kjem seg fram hit?

  • Korleis kan me gå på do her?

  • Korleis får me byggevarer fram hit?

  • Er det tømmer her som me kan få lov å bruke?

  • Kor kan me finne vatn?

Andre ting ein kan sjå på er:

  • Finst det nokre spennande historiar om denne plassen?

  • Er det noko spesielt me kan lære av denne plassen? Til dømes plantar eller dyreliv? Gamalt kulturlandskap?

  • Kan ein kople saman gamle og nye turstiar?

Styret


Styret eller årsmøtet i laget må gjere vedtak.

Skal prosjektet gjennomførast i eit etablert lag er det viktig at det vert gjort vedtak i styret på at de skal gå i gang med prosjektet. Er det store prosjekt må det gjerne drøftast og bli gjort vedtak på årsmøtet også.

Styret må bestemme kven som kan skrive under ein grunneigaravtale på vegne av laget, og at prosjektgruppa har lov å søke om midlar til naturmøteplass. Kva konto som skal nyttast? Det er bra om ein også avgjer om laget kan gå inn i prosjektet med eigne midlar. 

Nokre gongar består prosjektgruppa av representantar frå fleire forskjellige lag. Då er det som regel eitt lag som står som hovedsøkar når ein søker etter pengar.  

Her er det viktig å presisere at sjølv om det er eitt eller fleire lag som realiserer prosjektet, så vil den ferdige naturmøteplassen vere open for alle. 

Prosjektgruppa: Kva roller trengs?

Idé-eigaren: Nokon som verkeleg brenn for ideen. Typisk initiativtakaren for prosjektet. 

Handverkaren: Nokon som har praktisk kunnskap om arbeidet som skal gjerast.

Organisatoren: Den som er god til å halde oversikt og lage gode dugnadslister.

Skribenten: Den som kan skrive gode søknadar og halde kontakten med det offentlege.

Brukarane: Nokon som representerer styret i klubben og den aldersgruppa som skal bruke plassen.

Trivselskaparen / dugnadsjefen: Den som er flink til å få folk til å møte og trivast på dugnad og møter.

Hugs at de kjem til å trenge ein heil del folk når planane skal realiserast, så involver og informer medlemane i organisasjonen eller bygdefolket ved eit kvart høve. 

Prosjektplanen


Å lage ein naturmøteplass er eit prosjekt.

Eit prosjekt er ei arbeidsform som er avgrensa i tid, har eit klart definert mål, krev at fleire samarbeider og blir gjennomført innan visse ressursrammer, t.d. pengar, folk og tid.

Eit prosjekt kan vere lite eller stort, og det vil truleg vere lurt å dele opp eit naturmøteplassprosjekt i fleire mindre delprosjekt.

Kanskje kan tilrettelegging av området, som rydding av sti, hogst, planering og oppsetting av bord og benkar vere eit delprosjekt? Utedo kan vere eit anna delprosjekt. Bygging av til dømes gapahuk, gamme eller anna bygg kan vere eit delprosjekt. Tilrettelegging for aktivitetar kan vere endå eit delprosjekt.

Prosjektplanen er eit godt verktøy. Prosjektplanen er ein stad å samle ideane og tankane til dei involverte, den gir oversikt over mål, tiltak, ressurspersonar, økonomi mm. og er ypparleg å bruke når ein skal søkje om midlar.

De kan gjerne lage ein større plan for hovudprosjektet, der ein set seg mål for minst eit år framover, og mindre prosjektplanar for dei meir kortvarige delprosjekta.

På denne måten kan det vere enklare å søkje midlar og få med folk som gjerne ikkje vil binde seg over lang tid. Deler ein opp i mindre prosjekt er det også lettare å sjå resultatet..

Prosjektplanen bør innehalde:

1.    Eit kort samandrag. Der presenterer ein prosjektet kort og kven som står bak.

2.    Hovudmål. Prosjektet sitt mål i eit setning.

3.    Tiltak / resultatmål / delmål. Sett dette opp punktvis. Måla bør vere målbare.

4.    Målgruppe.

5.    Bakgrunn. Kva «utfordring» vil vi løyse? Siter gjerne planar i kommunen eller kloke folk.

6.    Framdriftsplan. Dette er viktig ved større prosjekt.

7.    Budsjett. Forventa inntekter og utgifter. Hugs dugnad / eigeninnsats.

8.    Organisering av prosjektet. Kven styrer prosjektet? Korleis har vi tenkt å rapportere?
 

Då er det berre å sette i gang å planlegge og skrive!

Få alle med!

Involver flest mogleg i prosjektet så tidleg som råd. Ver lydhør for andre sine forslag og idear. 

Slik skaper du eigarskap og engasjement som kjem godt med når de kjem til dugnadsdagane. 

Diskuter, teikn, skriv, gå på ekspedisjonar saman i området. Alle generasjonar har noko å bidra med, frå den minste til den største. Pensjonisten har tid og erfaring, foreldra vil gjerne lage det fint for ungane sine. Ungdommar kan vere med i planlegginga, dei mindre kan teikne og vise med leiken sin korleis dei vil bruke naturmøteplassen. Samarbeid mellom lag og organisjonar gjev mindre arbeid på kvar.

Arbeidet med å involvere barn og unge i alle delar av naturmøteplassprosjektet er utruleg viktig. Dei lærer mykje av prosessen. Det er også slik ein får fram dei beste ideane og utviklar ein plass som dekker dei faktiske behova. 

Vil det ikkje koke ut i kålen om alle skal vere med og bestemme i alle ledd? 

Jau, prosessen kan opplevast for lang, både for borna og for dei vaksne. - Det er skikkeleg demotiverande, så her er det ein balanse. Medisinen er prosjektstyring og å feire alle små suksessar. 

Sett opp ei tidslinje for prosjektet så tidleg som mogleg og skriv på eventuelle søknadsfristar, samt sesongvariasjonar: Når er det mogleg å gjere grunnarbeid i området? Når er moglege byggeperiodar? 

Legg til rette for raske resultat og ta plassen i bruk frå første dag. For eksempel kan første siger vere innkjøp av: Kano? Bålpanne? Gå saman og bygge ein sjusteinsovn? Open dag? Ei slakkline? Familiebenk? Nokre turskilt? Dei som bidreg i dei små tiltaka får eit forhold til plassen. 

Bygningar


Så var det dette med val av bygning - VISS dette er noko av det de vil ha på naturmøteplassen. (Det finst ingen regel om at naturmøteplassen skal ha ein bygning.)

Klikk på bileta, så finn du meir info om kvar plass og bygningen. 

Byggepakkar og teikningar

No kan du laste ned ferdige byggepakkar frå naturmøteplass.no - heilt gratis!

Her finn du byggepakkane. Inkludert i pakkene er teikningar, budsjett, materialliste, tips til bygginga og 3D-modular. Du kan endre og vidareutvikle dei digitale 3D-teikningane ved hjelp av det gratis nedlastbare programmet SketchUp.  

Nedanfor ser du byggepakkane:

Lage arbeidsteikningar sjølv: 

Når du skal lage arbeidsteikningar kan du sjølvsagt bruke papir og blyant. Du kan òg bruke eit gratis teikneprogram kalla SketchUp for å sjå om ideen "heng i hop", eller for å lage ei fin teikning du kan vise til kommunen, finansiørar og dugnadsfolk. 

Det tek litt tid å setje seg inn i programmet. Av eiga erfaring er ein i gang med å teikne etter ca ein halvtime, om du er litt vant med data. Ta det som ei utfordring. Truleg får du bruk for kunnskapen meir enn ein gong. 

Ferdige teikningar av naturmøteplassar:

Du finn 3D-teikningar av alle byggepakkane vi har utvikla i SketchUp. Du må ha dette programmet nedlasta for å kunne finne mål og eventuelt utvikle teikningane vidare.

Her kan du sjå ein 7 minuttars film om korleis SketchUp virkar

Her kan du laste ned SketchUp.

For å hente 3D-teikningane i Sketchup brukar du ei fildelingsteneste som heiter 3D Warehouse. For å laste ned teikningane må du opprette ein gratis brukar i 3D Warehouse. Søk på "Naturmøteplass" for å fram teikningane vi har lagt inn.

Når du er inne på 3D Warehouse og skal laste ned filer kan du få spørsmål om du vil laste dei direkte opp i SketchUp. Her trykker du nei. Du bør lagre fila lokalt først, og deretter åpne dei for å ha tilgang til alle funksjonar.

Her kan du sjå ein to minuttars film om korleis du brukar 3D Warehouse. Du finn fleire filmar om 3D Warehouse og SketchUp på Youtube.

 

Grunneigaravtale


Hugs å skrive avtale med grunneigar.

Når prosjektgruppa og styrevedtaket er på plass og de har funne ut kor de vi ha naturmøteplassen, er det tid for å skrive grunneigaravtalen, slik at de kjem raskt vidare til å skrive søknadar om finansiering.  

Her finn du ein avtale som de kan bruke som den er, eller redigere til den passar for dykk.

Avtalen er laga av advokat og skal ta omsyn til begge partar, både grunneigaren og den organisasjonen som får løyve til å bruke grunnen. 

Du finn også ei rettleiing til avtalen i vedlegget. 

Om tinglysing:
Tinglysing er berre aktuelt om det skal søkast spelemidlar. I så fall nyttar du tinglysningsutdraget i avtalen. 

Last ned word-dokument her: (Opnar i nytt vindu)

Nynorskutgåve 

Bokmålsutgave

Søknad og budsjett

Korleis kan vi få fram den gode søknaden?

For det første er det viktig å lese utlysingsteksten nøye. Treff vi blink med prosjektet vårt? Det kan også vere lurt å merke seg kva ord dei brukar i utlysingsteksten, slik som «helse», «natur», «lågterskel» osv. Bruk gjerne desse orda i eigen søknad, men overdriv ikkje bruken!

Det kan vere lurt å ta kontakt med den som skal ta imot søknaden for å presentere prosjektet og få råd til søknaden. Spør om kva du må legge vekt på i søknaden. Bruk denne kontakten for å selje prosjektet.

Start å fylle ut søknadsskjemaet, eventuelt på å skrive søknaden om det er ein open søknad. Bruk utdrag frå prosjektplanen direkte i søknaden (klipp og lim). Legg gjerne frå deg søknaden ei stund, før du tek tak i den igjen.

Ver sikker på at du svarar på spørsmåla i skjemaet. Bruk tid på tittelen og innleiingsteksten. Det er her du skal selje prosjektet. Det er ikkje sikkert at sakshandsamar les stort meir enn dette… Legg ved det dei ber om, t.d. prosjektplan, budsjett og finansieringsplan, eller bilete, illustrasjonar og presentasjonar.

Alle søknader og prosjektplanar skal innehalde eit budsjett. Dette er ein oversikt over forventa inntekter og utgifter. Når du budsjetterer bør du vere litt visjonær. Det er betre å ta i litt ekstra både på inntekts- og utgiftssida, enn å risikere å gå i minus.

Ta med alle tenkeleg kostnader. Dugnadsinnsats er ein slik kostnad. Her kan de rekne med alle timar alle (kvar og ein) brukar totalt i prosjektet. I følgje «Satelittrekneskap for ideelle og frivillige organisasjonar» er satsen per dugnadstime 350 kr.

Her er eit eksempel på budsjett for ein naturmøteplass, med aktuelle inntekts- og utgiftspostar.

Støtteordningar


Det finst ei rekkje støtteordningar for deg som vil søkje om midlar til naturmøteplass.

Mange av desse er lokale, t.d. via kommunen eller lokale bedrifter, og ein del er regionale, via fylkeskommunen eller stiftingar. Andre igjen er nasjonale. Her vil vi presentere nokre av dei støtteordningane som mange har brukt når dei har søkt om midlar til naturmøteplass.

Gjensidigestiftelsen:

Gjensidigestiftelsen har søknadsfrist 15. september. For å søkje Gjensidigestiftelsen må organisasjonen ha eit organisasjonsnummer. Ein søkjer via nettsida www.gjensidigestiftelsen.no. Gjensidigestiftelsen støttar tiltak innan fem innsatsområde:

  • Sikkerheit
  • Meistring og læring
  • Sosial inkludering og mangfald
  • Fysisk aktivitet
  • Kosthald

Spelemidlane:

Spelemidlane er midlar frå Norsk tipping, som blir fordelt til ordinære idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, friluftslivanlegg og kulturbygg. Naturmøteplassane kan søkje om midlar til friluftslivanlegg.

De søkjer via kommunen, som prioriterer mellom dei innsendte søknadene og sender dei vidare til fylkeskommunen. For å kunne søkje må plassen (anlegget) vere rullert inn i kommunale planverk, t.d. kommunen sin plan for fysisk aktivitet, og ha fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning i kommunen. De må legge ved kostnadsoverslag og finansieringsplan. De må også lage ein driftsplan for plassen og dokumentere at de har rett til bruk av grunnen, t.d. ein grunneigaravtale som er tinglyst og varer i minst 30 år. Meir informasjon finn de på www.idrettsanlegg.no.

Midlar til friluftstiltak:

Dette er midlar frå Miljøverndepartementet, som blir fordelt av fylkeskommunane. Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremmande, trivselsskapande og miljøvenleg friluftsliv for alle grupper. Frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligheitsregisteret og interkommunale friluftsråd kan søkje. Du finn fram til støtteordninga via fylkeskommunen sine nettsider.

Frifond:

Frifond er ei støtteordning som skal gå til frivillig aktivitet for born og unge. Frifond kan søkjast via moderorganisasjonen (t.d. 4H Norge) eller direkte via www.frifond.no. For å få frifond må tiltaket vere lokalt og allmennyttig. Minst 1/3 av deltakarane må vere under 26 år, og gruppa må vere demokratisk, open og inkluderande. Gruppa må ha kulturaktivitet som ein del av verksemda for å kunne søkje.

Vaksenopplæringsmidlar:

Om organisasjonen er med i ein studieorganisasjon kan ein søkje om vaksenopplæringsmidlar. 4H Norge er med i Studieforbundet Natur og Miljø, saman med mange andre natur- og friluftsorganisasjonar. Midlane skal gå til opplæringstiltak for vaksne over 14 år, der det må vere eit minimum tal deltakarar og timar.

Ein kan søkje til kurs både med og utan lærar. Satsen med lærar varierer frå år til år, men kan ligge rundt 100 kr per time. Bygging av naturmøteplass er læring, og ein kan dermed søkje om vaksenopplæringsmidlar til både planlegginga og det praktiske arbeidet med å lage plassen. Meir informasjon på www.vofo.no.

Andre støtteordningar:

I tillegg til desse finst det svært mange andre støtteordningar. Sparebankane har fond og stiftingar ein kan søkje frå. Større bedrifter har ofte sponsormidlar eller tilskot til frivillig verksemd. I tillegg kan ein mange stader søkje midlar via kommunen, hos andre lokale lag eller via fond, stiftingar og legat.

Ein kan finne meir informasjon om dette via t.d. legathandboken.no eller tilskuddsportalen.no (krev at kommunen abonnerer på ordninga). Du kan også søkje deg fram via kommunal eller fylkeskommunal nettside, eller følgje med på nettsidene til moderorganisasjonen

Moms og rekneskap


I praksis  er det tre ting som er viktig å vite om moms og naturmøteplass:

  1. Hugs å avklare med entrepenør / andre om pristilbod er med eller utan moms.

  2. Du får ikkje momskompensasjon på bygningsmidlar, men kan få det på anna utstyr som t.d. kanoar.

  3. Beløpet ein eventuelt får att på momsen er ukjent, kjem lenge etter bygginga og er som oftast eit ganske lite beløp. Dette kjem av at summen som er tilgjengeleg for momskompensasjon er fast, og vert fordelt etter kor mange som søker.

Om ein set i gong eit stort byggeprosjekt er det naturleg at prosjektet har eige rekneskap. Då må dette sendast til 4H Norge saman med årsrekneskapen (viss det er ein 4H-klubb). 

Er naturmøteplassen ei utvikling og innkjøp av utstyr over tid, så går innkjøpa inn i driftsrekneskapen til klubben/laget. 

Du kan lese meir om moms, kva det er og korleis det virkar for frivillege organisasjonar på skatteetaten sine nettsider.

Rapport

Har de søkt om midlar, er det naturleg at de og skal rapportere til finansiøren om korleis de brukte pengane.

Finansiørane, altså den ein fekk pengane av, legg til rette for at det skal gå greit å rapportere. Har du gjort som avtalt, vil rapporteringa gå heilt fint. Har ting ikkje gått som planlagt og det vert store endringar i prosjektet, er det lurt å melde i frå til finansiøren med ein gong.

Ein finn ofte ei rettleiing på nettsidene til finansiøren om kva opplysningar dei vil ha i rapporten. Nokre gongar skal du rapportere i eit skjema på nettet, andre gongar skal du skrive ein rapport og laste den opp eller sende på e-post. 

Ta utgangspunkt i søknaden, skriv kva som gjekk etter planen og kva som ikkje gjorde det. Forklar kvifor de eventuelt gjorde justeringar undervegs. Rapporten treng gjerne ikkje vere lang. Kva ynskjer finansiøren å vite? Først og fremst at pengane vart brukt til det som var avtalt og at tiltaket skapar meir fysisk aktivitet og livsglede i nærnaturen. 

Nokre fine bilete frå arbeidet er alltid bra å ha. (Ver obs på at om du ikkje skriv anna, så kan finansiøren ha rett til å bruke bileta).

Tips til å rapportere på nett:

-Klikk deg først gjennom heile skjemaet, slik at du har oversikt på kva dei vil vite. Bruk overskriftene frå skjemaet og skriv rapporten i eit word-dokument. Lim opplysningane inn i nettskjemaet når du er nøgd med heilskapen og innhaldet. 

Trykk lagre undervegs der det er mogleg. 

Me anbefalar å lage ein prosjektperm der de samlar teikningar, avtalar og bilete undervegs.


Her er eit eksempel på korleis du kan skrive ein rapport:

Bukta 4H sin rapport

 

 

Tilrettelegging

Korleis legge naturmøteplassen til rette for flest mogleg?

Tilrettelegging i norsk natur byr på utfordringar og full tilrettelegging av heile området er nok ikkje mogleg innanfor økonomien til eit naturmøteplassprosjekt. Me skal likevel hugse på at med enkle tiltak kan ein få til ein heil del. 

Kva er eigentleg tilrettelegging? 

Den sosiale og inkluderande delen av tilrettelegging, som å vere inviterande og oppmuntrande kan i seg sjølv få mange i aktivitet. Naturen byr på utfordringar, men kanskje det går om ein gjer det saman? Eller i vårt eige tempo?

Her er seks tiltak for inkludering.

Personlege tilpassingar, som å ta omsyn til allergiar er også tilrettelegging som kan vere svært befriande for den det gjeld. Men det fordrar sjølvsagt at du kjenner til det og er i dialog. 

Nokre gongar er det ikkje nok med pågangsmot. Det er reint praktiske tilretteleggingar som må til. Sjå på linkane under og bli inspirert:

Tilretteleggingar for rørslehemma:

Å ha som mål at flest mogleg kan komme seg til samlingstaden/ gapahuken og under samme tak er kjempefint.

Ein heilt vanleg skogssti kan tilretteleggast.  Ein treng ikkje leggje stien på det brattaste hvis det går an å gå rundt. Kvilebenkar undervegs er også eit bra tiltak som mange kan ha glede av. Eit stødig rekkverk, ein klopp over eit vanskeleg parti eller ei trapp er også tilrettelegging.

Det kan det vere greitt å kjenne til denne veiledaren for tilrettelegging av turvegar, løyper og stiar. Der finn du òg tips til korleis du kan få hjelp til å finansiere tilretteleggingar. 

Toalett:

Ein fin regel er at alle som kan klare å komme seg fram til naturmøteplassen også skal kunne komme seg på toalettet. Eksempel på toalett for alle.

Rettleiing

Treng du tips og råd om tilrettelegging på din naturmøteplass eller i din organisasjon har vi opplevd at medlemsorganisasjonane i FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) har mykje kunnskap og engasjement å dele om kva som er enkel og praktisk tilrettelegging.  

Sjå meir på FFO sine heimesider.

 

Offentleg saksgang


Gruar du deg til offentleg saksgang?

Her får du ei lita innføring. 

Grunneigaren

Når du skal setje i gong med naturmøteplassarbeid er det lurt å presentere ideen din og få på plass ein grunneigaravtale. Du finn ein avtale under "grunneigaravtalar" her på nettsida. Kor konkrete planar grunneigaren krev før de kan få på plass avtalen, vil variere. Kanskje du kan vise til denne sida for å forklare kva de ønskjer å gjere? 

Når du har ein avtale som viser at du har lov av eigaren kan du gå vidare til kommunen. 

Kommunen 1)
Utan planar om finansiering med spelemidlar:

Naturmøteplassar vert som regel tatt godt imot av byggesakshandsamaren i kommunen. Dei vil gjerne ha ei skisse over kva du har tenkt å byggje, samt ei forklaring på korleis ein vil gjere grunnarbeid og tilkomst slik at dei kan godkjenne at de startar på arbeidet.

Ofte må du ha ein dispensasjon, fordi naturmøteplassen står innanfor "100-meters beltet", altså nærmare sjø eller vatn enn det vanlegvis er lov å bygge. Dispensasjonen føreset alltid at anlegget skal vere ope for alle. Det heiter seg også at det skal vere mogleg å tilbakeføre området til naturen. (Så store sprengningsarbeid kan du ikkje rekne med å få lov til.) 

Det kan vere lurt å drøfte moglege toalettløysingar når ein først er i dialog, så slepp ein ta ein runde til på det etterpå. Sakshandsaming i kommunen kostar gjerne opp mot 7000 kroner, så hugs å ta det med i budsjettet. 

Tips: Før du besøker kommunen bør du også ha lest den delen av prosjektpakka som heiter "Er det lov?". 

Kommunen 2)
Viss de skal søkje om spelemidlar: 

De søkjer spelemidlar via kommunen, som prioriterer mellom dei innsendte søknadene og sender dei vidare til fylkeskommunen.

For å kunne søkje må plassen (anlegget) vere rullert inn i kommunale planverk, t.d. kommunen sin plan for fysisk aktivitet, og ha fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning i kommunen. Dette hjelper kommunen deg med! De må legge ved kostnadsoverslag og finansieringsplan.

De må også lage ein driftsplan for plassen og dokumentere at de har rett til bruk av grunnen, t.d. ein grunneigaravtale som er tinglyst og varer i minst 30 år. Meir informasjon finn de på http://www.idrettsanlegg.no/.

Vegvesenet

Vegvesenet ønskjer at du har ein plan for det som har med trafikktryggleik å gjere. I praksis gjeld dette korleis ein tenkjer at dei besøkande kan parkere. 

 

Dette går fint! 

Er det lov? 


Det er heldigvis mykje som ER LOV.

Det er nokre reglar du må kjenne til når du lagar ein naturmøteplass: Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr og Norsk Standard NS-EN 1176-1:2008. Dette er reglane som gjeld på leikeplassane i barnehagane. Som du ser i sitatet under kjem me ikkje forbi desse bestemmelsane på naturmøteplassane heller: 

I henhold til lekeplassforskriftens § 4 er lekeplassutstyr ”alle installasjoner og/eller delkomponenter med tilhørende underlag, som er konstruert, produsert eller markedsført med den hensikt å bli installert på lekeplasser, med sikte på individuell eller kollektiv lek". En lekeplass er i henhold til samme paragraf; ”ethvert areal, opparbeidet eller naturlig, som er tilgjengelig og som er tilrettelagt for barns lek”. (* dsb.no) 

Dei tre tinga du må vere merksam på er (i følgje regelhjelp.no):

Åpninger
Lekeplassutstyr skal ikke ha åpninger og avstander som barn kan bli sittende fast i. Utstyret skal ikke ha fast dimensjonerte åpninger mellom 9 cm og 23 cm.

Fallhøyde
Det er krav til underlag og sikkerhetssone. Dersom fallhøyden er over 60 cm, skal fallunderlaget være støtdempende. Ved lavere fallhøyde må krav til fallunderlag vurderes konkret.  Betong, stein eller asfalt skal aldri brukes som fallunderlag.

Kjemikalier
Lekeplassutstyr skal ikke avgi helseskadelige kjemikalier. 

Som du ser er "Tarzanløyper" og høge klatretårn eksempel på tilretteleggingar som truleg vil komme borti desse reglane. Dessverre. Men samtidig: Så bra! Trygge leikeplassar er bra. 

På ein naturmøteplass har me heile naturen å ta i bruk!  Det er jo DEN me vil bli kjend med. Og det som er der heilt naturleg treng me ikkje tenkje på dimensjonerte opningar og fallunderlag for lovens del. (Men sunn fornuft gjeld framleis!) 

Sjå på det som ei utfordring å lære born korleis dei kan ha glede, utfordring og leik i naturen slik den er, heller enn å kjempe med eller mot paragrafane. 

Her er lenkjer til reglane som gjeld:

Leikeplassforskrifta

Norsk standard 

Regelhjelp.no

Utedo og søppel

Det går ikkje lange stunda. Så skjer det:  Nokon må på do! 

Det viktigste er å avtale kor doplassen er, så ikkje det vert for mykje rundtomkring.

Då er det også lettare for andre å vise litt omsyn. Ta doen med i planane frå starten av.

Om det er FÅ som brukar plassen:

Om det er FLEIRE som brukar plassen: 

  • Snekre ein enkel utedo der alle do-greiene kan lande under og gå tilbake til naturen.
  • Støype ein "møkkakjeller" og bygge do-huset oppå. Då må den kanskje tømmast med nokre års mellomrom. Vurder kor avsig vil gå. 
  • Tenk igjennom tilrettelegginga: Alle som kjem seg fram til naturplassen skal også kunne klare å bruke doen. 
  • Vurdere om det er et tiltak som bør drøftast med kommunen før de set i gong.

Om det er MANGE som brukar doen...

...så bør ein ha ei bra toalettløysing. Ein "snurredass" med fleire kammer og eit hus som er rullestoltilpassa er gjerne på sin plass.  Det finst ferdige løysingar som ein kan benytte seg av (eller bli inspirert av): UTEDO: FILOSOFEN.

I dette tilfellet bør kommunen bli involvert før de set i gang. 

Her kan du sjå bilete frå Troda 4H sin utedo: 

Søppel skal også handterast. Erfaringa viser at om du set fram eit søppelspann så vert det brukt (og ergo må det tømmast). Mange naturmøteplassar har rett og slett ikkje søppelspann. Då vil dei aller, aller fleste vere flinke å ta med seg bosset sitt når dei går.

Det går også an å setje opp eit skilt, der ein bed besøkande ta med søppelet sitt. 

Dugnad

Når det konkrete arbeidet på plassen startar trengst det både nevenyttige folk, utstyr, god organisering - og omsorg:) 

Utnemn gjerne ein i prosjektgruppa til dugnadssjef. Vedkomande skal informere om dugnader og oppdatere planar for arbeidet. 

Det er nyttig å kartlegge ressursane: Når kan folk jobbe og kva oppgåver vil dei helst bidra med? 

Pass på å informere om doløysing, mat, drikke og førstehjelpsskrin til dugnadsdagane. 

Det er og viktig at nokon har ansvar for å passe på at folk har det greit på sjølve dugnadsdagane og at alle som vil får bidra på meiningsfullt vis.

Born og ungdom er ein kjemperessurs når det kjem til dugnad. Lat ikkje dugnad bli ein "vaksengreie"!

 

 

 

Tips til drifta

Det er lurt å leggje til rette slik at folk forstår korleis dei kan bruke naturmøteplassen. 

Det handlar like mykje om å gjere besøkande merksame på alt dei har lov til og kva som er mogleg, som dei små viktige tinga dei ikkje har lov til. 

  • Når er det lov å fyre bål her?

  • Kan ein bruke kanoane? Må ein ha redningsvest?

  • Kan ein bruke av veden?

  • Kan ein ha blåtur/nytte alkohol her?

  • Er det lov å overnatte?

  • Kven kan ein kontakte om ein vil arrangere ein bursdagsfest på naturmøteplassen?

  • Tilbyr de å lage til eller ha aktiviteter for bursdagsgjestane mot betaling? (Kanskje idè for ei 4H bedrift eller eit 4H-prosjekt?)

  • Kven har laga denne plassen?

  • Kven skal ein kontakte om noko er øydelagt eller ved annan informasjon?

Me har lagt ut litt info for besøkande via nettsida du er på no. Det kan du sjå HER.

Her finn du alle 4H prosjekt

Forsikring


JA, det går an å forsikre naturmøteplass-bygget - og me anbefalar det.

I alle fall om den har kosta ein heil del i både materialkostnadar og arbeid. Hugs at investerte dugnadstimar i bygginga også har verdi. I følgje «Satelittrekneskap for ideelle og frivillige organisasjonar» per 2016, er satsen per dugnadstime 350 kr. Enkelte bidrag har høgare verdi, for eksempel om ein entrepenør stiller opp gratis.

Tenk gjennom kva som er mest aktuelle skader som kan oppstå og ta deg tid til å lese forsikringspapira, slik at du er  sikker på at forsikringa dekker behovet, og at du oppfyller krava i avtalen: For eksempel kan det vere krav om tilgjengeleg brannteppe e.l. Spør også om forsikringa dekkjer naturskadar som til dømes storm eller rotvelt. 

Ta kontakt med forsikringselskapa for tilbod. Eit priseksempel me har fått er kr 1300 per år. 

Vidareutvikling


Dei aller fleste naturmøteplassar blir utvikla vidare.

Det kjem til meir utstyr, tilrettelegging av stiar eller anna som ein gjerne kjem på etter kvart som ein brukar plassen. 

Her finn du eit billedgalleri som kanskje gjev nokre idear?