Viskedalsvika naturmøteplass, Holsen, Førde

Denne naturmøteplassen står heilt i kanten ved eit godt fiskevatn. Den fungerer som badestasjon om sommaren og som mat og varmestove for alle som går på skøyter om vinteren. Den lokale 4H-klubben har ein del møte her, og den vert også brukt til barnebursdagar.

Den geniale duken dei har fått sydd til å dekke opninga, er sydd i same materialet som ein lagar "teltfjøs" av. Her vert det varmt og godt!

Andre tiltak:
Stien er fint tilrettelagt, og det er lett for alle å komme seg heilt fram til gapahuken.

Legg og merke til den fint oppmurte grua som er praktisk plassert på den eine sida av gapahuken. Med ei slik plassering er det mykje mindre sjanse for at nokon er uheldig og brenner seg.

Det er kjøpt inn kanoar og bålpanne. 

Denne naturmøteplassen har også stupetårn og badebryggje.

Her kan du finne gratis byggepakke for denne naturmøteplassen!