Draumeplassen i Davik, Bremanger

 Foto: Geir Aardalsbakke

Foto: Geir Aardalsbakke

Draumeplass-prosjekt
Troda 4H var ein av to vinnarar av Draumeplass-konkurransen i 2015 der 4H delte ut 50 000 kr, prosjekthjelp og arkitekttenester til to naturmøteplassprosjekt. Som du ser har Troda verkeleg gjennomførd eit prosjekt i draumeklassen. 

Naturmøteplassen er bygd på ein gamal setervoll i Langedalen.

Ein kan framleis vandre mellom grunnane til dei gamle seterbygningane og tenke seg korleis livet har vore her - og når du får høyre om det gamle bjørnehiet rett oppi lia, får fantasien fritt spelerom. 

I tillegg til Draumeplassen-konkurransen har Troda 4H fått 195 000 kr i støtte frå Gjensidigestiftelsen, og dei har òg fått støtte frå eit par private/bedriftssponsorar. 

Her kan du finne gratis byggepakke for denne naturmøteplassen!