Svidalsneset naturmøteplass, Svidalsneset, Jølster

Eikås 4H, Svidalsneset foto Kari Anne (Medium).JPG

Svidalsneset naturmøteplass i Jølster er eit flott eksempel på ein bortimot fullt tilrettelagt naturmøteplass.

Området er ganske flatt, har praktisk tilkomst nær europavegen og ligg likevel skjerma i lauvskogen. Naturmøteplassen ligg berre nokre minutt i gangavstand til toalettfasilitetane og parkeringa til den offentlege rasteplassen.  

Andre tiltak: 
Nokre av dei eldste 4H-medlemmane har hatt eige prosjekt å bygge grue i gapahuken. Det er også kjøpt inn to bålpanner slik at ein kan spre matlagingsaktivitetar over fleire punkt. Det er bygd benkar og bord som er flyttbare. 4H-klubben har også tilrettelagt ei sandvolleybane like ved naturmøteplassen, og dei har bygd ei stor og flott fiskebrygge i stein som går ut i Jølstravatnet tett ved. Kanoar har dei også skaffa. 

Her kan du sjå bilete frå bygginga:

Her kan du lese loggen til eit av 4H-medlemmane som var med på å bygge naturmøteplassen: