Navestøylen naturmøteplass, Navestøylen, Eid

Navestøylen naturmøteplass ligg i eit snørikt støyls og -hytteområde. På vinteren får du ein nydeleg skitur i slakt terreng. Om sommaren kan du kjøre skogsveg ganske nært og deretter gå på tilrettelagt grusa sti dei siste par hundre meter.

Naturmøteplassen er bygd etter tradisjonelle metodar kombinert med nye tankar. Born og unge har vore med i heile prosessen og blitt kjend med gamle handverktradisjonar. Dei har til dømes hatt aktivitetsdag for å lage dei fine haldarane til taket.

Heile eine veggen på huset kan trekkast til sides, noko som opnar godt opp under arrangement, eller for å gje god tilkomst for dei som treng ekstra dørbreidde. Det er og ei "pølsebu"-luke på kortveggen.

Andre tiltak:
Bakre kortveggen er murt i stein med innebygd grue. Dermed får du ei varm og god stove med ein vegg som magasinerer varmen i fleire timar. Det er òg bygd ein flott kombinert lager og utedo, stien er drenert og grusa, og elva er leda inn i ein fin liten plaskedam. 

Her kan du finne gratis byggepakke for denne naturmøteplassen!