Brekka naturmøteplass, Gloppen

Brekka naturmøteplass er reist av Bukta 4H i samarbeid med mange frivillige i bygda. Den ligg vakkert til heilt nede ved eit lite vatn. Skogsvegen som fører heilt fram er godt brukt som turveg. Den er køyrbar, slik at det er mogleg for dei fleste å komme seg fram.

Gapahuken er opprinneleg teikna av Jan Fossheim og er kopiert av andre fleire gonger, rett og slett fordi det er ein genial patent som er både brukarvennleg og går fint inn i terrenget. Den målar 7x7 meter og rommar opptil 30 personar om ein sit tett og er gode vener.

Her er det murt grue i midten og det er fint mogleg å overnatte 10-15 personar på dei breie benkane. Rekorden er 23 ungar. Det er montert seglduk i opninga, slik at ein kan få god varme.

Andre tiltak:
4H-klubben har kjøpt inn kanoar og bygd kanostativ. Det er sett opp trebenkar utanfor samt ein arbeidsbenk/utekjøkken med bålpanne. Året etter gapahuken var ferdig, bygde dei utedo (her er det også bilete av kongeparet!) med universell utforming i nærleiken av gapahuken. Her er det også lager for fiskeutstyr, padleårer og padlevestar.

Her kan du finne gratis byggepakke for denne naturmøteplassen!

Her kan du følge arbeidet frå start til mål:

Her kan du lese rapporten frå oppstart til ferdig prosjekt: