Draumeplassen

I 2017 lyser vi for andre gong ut Draumeplassen-konkurransen i Sogn og Fjordane, med støtte frå Gjensidigestiftelsen. Fristen for å søkje er 21. mai.

1. juni vil vi annonsere dei fem vinnarane av Draumeplassen, som kvar vinn 100 000 kroner og prosjekthjelp. Vi tilrår alle som vil søkje om å sette seg inn i prosjektpakka på denne nettsida for å få ein best mogleg søknad. Ein kan berre søkje som organisasjon, ikkje som privatperson eller frå det offentlege.

Her finn du søknadsskjemaet for Draumeplassen 2017.

Vi kårar fem vinnarar ut i frå desse kriteria:

  • Barn og unge skal vere aktive i heile prosessen
  • Plassen skal kunne brukast av alle som vil
  • Vi vektlegg kreativitet og nytenking
  • Det er positivt om prosjektet har fleire samarbeidspartar
  • Vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen
  • Vi vektlegg plassar som er eigna som læringsarena for natur- og miljøaktivitetar
  • Vi vektlegg søknadar som inkluderer turveg/turstiar og fysisk aktivitet
  • Søkjarar må dokumentere prosessen via ein blogg

 

Draumeplassen 2015:

I 2015 vart det også lyst ut ein konkurranse kalla Draumeplassen, der frivillige lag og organisasjonar vart invitert til å skildre sin draume-naturmøteplass.

Det var til saman 19 søkarar. Dei aller fleste søknadane framstod som godt gjennomarbeidd og plassane var fullt realiserbare. Dette fortel oss at det er mange potensielle naturmøteplassar som kan kome til dei neste åra. For å velje dei rette vinnarane bestod juryen av ein representant frå Gjensidigestiftelsen, fylkeskommunen, samt arkitekt, prosjektleiar og dagleg leiar i fylket.

Dei to vinnarane fekk 50 000 kroner kvar, og vart pilotplassar for prosjektet. Her har vi kunne følge og bidra i prosessane med å skape naturmøteplass. 

Nedanfor kan du lese om dei to draumeplassane.

Draumeplassen i Davik
Denne plassen er det Troda 4H som står bak. Dei har valt ein gamal seterplass for naturmøteplassen sin. Området er naturskjønt og det er mykje gamalt kulturlandskap som løftar opplevinga og læringsmoglegheitene. Samstundes er det mange grunneigarar og kulturminne å ta omsyn til.

Troda 4H har nytta arkitekthjelpa til å teikne bygningen, og prosjekthjelpa til å mellom anna å lage prosjektplan og skrive nye søknader. Møteplass:Naturen-prosjektet har saman med Troda 4H hatt ein Draumefangar-dag - rett og slett ein bygdemobiliseringsdag. Her var det mykje aktivitet med mellom anna fokus på tryggleik på naturmøteplassen. I tillegg vart det gjennomført to Draumefangar-samlingar der ein prøvde å finne ut forskjellige måtar å involvere born og unge i heile prosessen på. 

Samarbeidet med grunneigarane har gått fint. Dei har fått tildelt plass å bygge på samt tilbod om å ta ut tømmer. Grunneigaravtalen vart signert i mars 2016, og godkjenninga frå Bremanger kommune vart motteke i april 2016. I tillegg til støtta frå Draumeplass-konkurransen, kom også meir finansiering på plass i desember 2015 via 195 000 kr frå
Gjensidigestiftelsen.  

Draumeplassen i Langedalen i Davik stod ferdig hausten 2016.

Draumeplassen i Solund
Denne naturmøteplassen ligg på Hardbakke. Plassen dreg fordel av at den er sentralt plassert i gangavstand til skulen og som ei forlenging av idrettsanlegget. Det er kommunen som eig grunnen. 

Tidlegare brukte skulen det same området til å dyrke fram og pleie eit kystarboret. Dette har dei lyst å ta tak att - når det vert toalett på staden vert det òg enklare å planlegge lengre økter.

Gruppa som står bak denne naturmøteplassen har brukt arkitekttenestene til å lage ein meir heilskapleg plan for området. Det har vore gjennomført tre Draumefangar-dagar på Hardbakke, der Møteplass:Naturen i lag med born, ungdom, skulen, lag og organisasjonar har arbeidd med idear om korleis området kan verte deira draumeplass. Det er no ei prosjektgruppe som tek arbeidet vidare.

Draumeplassen på Hardbakke har i tillegg til støtta via konkurransen fått 350 000 kr frå Gjensidigestiftelsen til å lage god adkomst til området. Vegen er venta ferdig i løpet av 2017. Dette vil gjere området tilgjengeleg for mange alders- og funksjonsgrupper. Det er planlagt kvilebenkar i det brattaste partiet, og snuplass i dei tilfella der nokon må køyrast opp til området. 

Solund Sendebrettlaug har sett opp 18-hols diskgolfbane i området, og Solund barne- og ungdomsskule har fått midlar frå Den naturlege skulesekken - desse midlane skal brukast til utvikling av pedagogiske opplegg tilpassa moglegheitene rundt naturmøteplassen. 

Draumeplassen i Solund har mange spanande planar som dei håpar å få utvikla og realisert dei neste åra, til dømes Draumedassen, Stjernestien og eit stort utehus med bålplass og amfi!