Inkludering og tilrettelegging

Kort fortalt om viktige tema - inkludering er eit viktig ord for alle som er aktivitetsleiarar. Vi vil jo gjerne gjere aktivitetane så kjekke og meiningsfulle for flest mogleg.

Menneske som opplever hindringar i sosiale samanhengar kan få enormt utbyte av å ta del i eit fellesskap der dei føler seg som ein naturleg del av flokken. Og vi lovar at du som aktivitetsleiar også vil føle deg rikare dei gongane du får bidra til at det skjer! Det finst mange forskjellige behov: Test ut desse grunnprinsippa, vi trur du kjem langt med dei.

Lukke til, og hugs - du betyr ein forskjell.

1. Sjå korleis gruppa fungerar: Ha eit vakent blikk på gruppa. Aksepter at deltakarane tar forskjellige roller. Ikkje alle trivast med å vere i sentrum for merksemda, og det er heilt greit. Sjå heller etter teikn på trivsel hos kvar og ein.

2. Spør: Ser du noko du lurar på? Spør den det gjeld om det hadde vore greit med forandring. 

3. Invitèr: Kven er ikkje tilstades på aktiviteten i heile teke? Kven trur du kunne hatt glede av å vere med? Fortsett å invitere. Det gjer ofte godt å bli spurt.  

4. Eksperimentèr: Mange som ikkje deltek på aktivitetar har gjerne gitt litt opp eller tenkjer at tilbodet ikkje er for dei. Vis at du er interessert og løysingsorientert - "Vi kan prøve saman?"

5. Fiks fysiske hindringar: Er det språkbarriere, skaff ein tolk. Er bakken for bratt går det an å ta neste samling der det er flatt - eventuelt tilby hjelp, ekstra tid eller ein kvilebenk på halvvegen. Gjer tilretteleggingane i samarbeid med den eller dei det gjeld. Dei veit kva som skal til av praktiske tilretteleggingar. Kanskje resten av gruppa treng litt informasjon så det vert enklare å vite korleis ein skal vere ein god ven eller lagkamerat. Ikkje informer spesifikt om ein person utan at det er avklart med den det gjeld. 

6. Ver eit godt eksempel: Inkludering handlar om kultur. Kultur lærer vi av å oppleve korleis andre oppfører seg. Støtt dei som tek initiativ, eller gå først. Vis kva du står for!

Treng du hjelp med ei konkret problemstilling? 
Då er det nyttig å vite at det finns noko som heiter Likemannsordning. Det er erfarne menneske som sjølv har utfordringar, som kjenner problemstillingane og ynskjer å hjelpe andre. Dei finst i mange organisasjonar for funksjonshemma. Har du spørsmål om korleis du kan tilrettelegge for ei spesiell gruppe eller løyse ei konkret problemstilling, så er likemenn ein fantastisk ressurs. Du får kontakt direkte via interesseorganisasjonane eller via FFO (ffo.no).

Meir informasjon?
Her kan du lese meir om tilrettelegging for forskjellige funksjonshemmingar samt integreringsarbeid i frivillige organisasjonar: 

Ung og fri sin mangfoldsguide

Friluftsliv for alle

Ingen grenser, ingen terskel

4H Sogn og Fjordane sin årsmøteuttale i 2016

Knekk inkluderingskoden i frivillige organisasjoner

Fritid for alle

Fritid med mening


Punkta over er sett saman frå erfaringane i prosjektet Godt Tilgjengeleg i samarbeid med FFO Sogn og Fjordane, med prosjektleiar Hanna de Groot. Bli inspirert av artikkelen frå same prosjekt: Dørstokkbeistet: Den barskaste turen av alle er turen bort til naboen.