Saft, suppe og te frå naturen

Foto: Åge Avedal

Foto: Åge Avedal

Alder: Frå 8 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å rettleie.
Tid: ½ time eller lenger.
Utstyr: Kjele, ein plass å koke, div. ingrediensar.

Har du laga gode drikkar eller suppe med det du har plukka i naturen. Her er mange gode tips til godsaker du lage!

Bjørkesaft
For å lage bjørkesaft må du bruke ungt bjørkelauv som du finn i mai månad. Risp av bjørkelauvet på unge greiner. 

Slå kokande vatn over bjørkeblada, slik at det dekker blada. La alt stå i 24 timar. Sil så vekk blada og tilsett ½ kg brunt sukker perr liter saft. Ha oppi pressa saft frå tre sitronar. Kok det heile opp og fyll på flasker.

Server safta avkjølt, gjerne med isbitar.

Neslesuppe
Ca. 200 gram nesleskot/blad frå brennesle
1 liter buljong eller kjøttkraft
1-2 ss smør
2 ss kveitemjøl
Litt salt
Mjølk eller fløyte

Å lage neslesuppe er ein fin måte å nytte det ein finn i naturen, etter sesong. Sank nesleskot / blad frå eldre brennesler. Det kan vere lurt å bruke hanskar når ein sankar blad til suppa.

Skyll og forvell neslene nokre minutt i kokande vatn. Ta opp neslene med holsleiv. Ta vare på vatnet, og hakk/mal neslene eller bruk heile nesleblad.

Smelte smøret og lag jevning med mjøl i ei panne, spe med neslekraft og vatn med buljong/ kjøtkraft. Start med berre litt væske, og rør ut jevninga, før du slår i resten. Tilsett resten av neslene. Smak til med salt og ha i litt mjølk eller fløyte til slutt. 

Urtete
Vi kan bruke mange forskjellige plantar til te. Vi kan lage fersk te av nyplukka urter og planter, eller vi kan tørke dei og bruke dei gjennom vinteren også. Når ein sankar urter til te, er det lurt å ha med seg ei plantebok. Det kan også vere kjekt å lage sin eigen vesle urtehage, der ein kan dyrke fram, eksperimentere og finne sine favorittar!

Tips til plantar vi kan bruke:
Ask (tre), unge, lyse blad
Bergmynte-blad                                          
Bjørk, unge blad
Bjørnebærblad
Blåbærblad og blomster
Bringebærblad
Einerbær og barnåler
Furubarnåler
Geiteramsblad
Hagtornblad
Kvitkløverblomst
Karvefrø
Skot av kjerringrokk
Kvannblad
Lindblomst
Markjordbærblad
Nyperoseblomst og frukt
Raudkløverblomst
Røsslyngblomst
Svarthyllblomst
Tyttebærblad

Slike tear vil oftast innehalde mykje c-vitamin.

Dersom du brukar tørka urter og planter må vi bruke 2-3 toppa spiseskeier tørka urter, og helle ein liter vatn over. Dette må trekke i 10 minutt. Om du brukar ferske plantar må vi berekne noko meir. Etter 10 minutt siler vi teen og søter den ev. litt med honning.

Om du tørkar planter, må dei tørke kvar for seg. Seinare kan du eksperimentere fram den te-blandinga du likar best!