Lag din eigen vasskikkert

Foto: Hanna de Groot

Foto: Hanna de Groot

Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen må vere til stades.
Ha alltid på redningsvest nær vatn.

Det fins mykje spanande under vatn. Med ein vasskikkert kan du «besøke» ikkje berre ein, men mange nye verdenar: Sjø, elv, dam…  Og ein vasskikkert er ganske enkel å lage!

Oppgåve - variant 1:
Utstyr: Mjølkekartong, gjennomsiktig plast, boktape, tapetkniv.
Tid: 20 min.

Skjer ut ei kikkeluke på toppen av kartongen. Tre ein pose eller plastfolie over kartongen og tape den godt fast.

Oppgåve - variant 2:
Utstyr: Bøtte / rør, plexiglas og akvariesilikon, tapetkniv.
Tid: Ca 1 time.

Skjer ut ei luke av bunnen i bøtta med ein tapetkniv. La det stå att nok kant til at du får limt plexiglasset godt fast med silikon.

Bruk vasskikkerten til å følgje eit område over tid, eller til å studere fleire forskjellige biotopar. Kikk frå brygga, i ei elv eller i ein stilleståande dam. Kva ser du? Rompetroll? Vasskalv? Flogelarver, øyenstikkarlarve, vassplantar, småfisk, søppel?

På biblioteket kan du låne oppslagsbøker for forskjellige biotopar, slik at du kan finne ut kva plantene og skapningane heiter.

Kikkertane skal resirkulerast etter bruk. Hugs at mange plassar skal alt utstyr vaskast før du brukar det i neste elv.