Lag ei insektfelle

Foto: Hanna de Groot

Foto: Hanna de Groot

Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å hjelpe og rettleie.
Tid: ½ time
Utstyr: Eit beger (t.d. youghurtbeger på ½ l.), ein plankebit, småstein, spade.  

Insekt og andre småkryp er spennande å utforske. Så kvifor ikkje gå på ei skikkeleg oppdagarferd? Då kan det vere nyttig med ei insektfelle.  

Oppgåve:
Grav eit lite hol i bakken og sett begeret nedi. Kanten på begeret skal ligge på linje med terrenget rundt. Legg nokre småstein rundt kanten av begeret og ein plankebit over som tak. La fella stå til neste dag, og sjå om det har komme insekt i fella i løpet av natta. No kan du studere insekt og andre småkryp nærmare.

Kva artar ser du? Kva rolle har insekta i naturen? Bruk gjerne ei insektbok eller last ned ein app. Hugs å sleppe insekta ut igjen i naturen heile og fine!