Bygg eit insekthotell

Foto: Randers Naturcenter

Foto: Randers Naturcenter

Alder: Frå 8 år og oppover. Ein vaksen bør vere med for å hjelpe og rettleie.
Tid: 2 timar eller lenger for å bygge hotellet.
Utstyr: Rammeverk av litt tjukke plankar (1 ½ cm eller breiare), bakplate / hønsenetting, bor, sag, hammar og spikar, skrujern og skruar.

Insekt er viktige for planter og menneske, men kan ofte oppleve mangel på plassar å bu - spesielt i velpleidde hagar og parkar. Vil du hjelpe insekt i bustadnaud? Bygg eit insekthotell!

Insekt er viktige som mat for mange fuglar og andre dyr. Flygande insekt, som bier, kveps og humler, sørgjer for bestøving av blomar, slik at du kan hauste frukt og bær. Insekt pleier også jorda og hjelper på rotningsprosessar. Dei er nødvendige for å få eit balansert økosystem, men er mange stadar utrydda eller truga.

Foto: Randers Naturcenter

Foto: Randers Naturcenter

Oppgåve:
Ein eller fem stjerners hotell? Dette bestemmer du sjølv! Hotellet kan vere stort, med mange ulike rom, eller av meir enkel pensjonatstandard.

For å bygge hotellet startar du med å finne fram det verktøyet du treng, og skjer til ei bakplate av tjukk finer eller liknande. 50 x 50 cm eller 40 x 60 cm er grei storleik for dei yngste borna. Deretter måler og sagar du opp fire plankar, slik at dei passar til bakplata. Skru eller spikre så sideplankane saman til ei ramme og skru bakplata fast til ramma. Du kan no lage ulike rom i hotellet ved å sage til plankar som du skrur fast i ramma. Dette blir veggar og golv i hotellet.

Inventaret i hotellet kan vere så mangt… Dei beste materialane finn du i naturen. Fyll opp dei ulike romma i hotellet med t.d. greiner og kvistar, bark, tørrhøy, mose, små leirklumpar, murstein med hol i, trestammar som det er bora hol i, ull, strå med holrom, bambuspinnar eller andre pinnar med hol. Holromma er viktige, for det er her mange av insekta finn bustad, legg egg og søkjer ly.

Foto: Randers Naturcenter

Foto: Randers Naturcenter

Til slutt kan du feste hønsenetting e.l. på framsida av hotellet, om dette trengst for å halde materialane på plass. Sett eller heng hotellet på ein lun plass i hagen, ein eigna plass i parken, på naturmøteplassen eller i friluft.

Vil du lage eit større hotell kan du bygge utan bakplate eller erstatte denne med hønsenetting og bruke breiare plankar til ramme. Då kan insekta krype eller fly inn frå begge sider. Nokre hotell kan kanskje byggast naturleg på staden der dei skal stå, til dømes mellom to tre.

Så er det berre å vente på at dei første gjestane skal sjekke inn!

Kjelde og foto: Randers Naturcenter og Randers Regnskov