Leite etter våren

Foto: Heidi Vallestad

Foto: Heidi Vallestad

Alder: Frå ca. 5 år.
Tid: 1 time eller lenger.
Utstyr: Ei plantebok

Dette er ei spennande oppgåve! Kor mange vårteikn vi kan klare å finne, kjem an på kor vi er og kva tid på våren det er.

Oppgåve:
Det vi kan gjere er å bestemme oss for eit område vi skal leite i. Vi kan leite i lune krokar bak ein husvegg, inntil ein stein eller i ein grøftekant. Er det snø, kan vi grave opp litt av den, og sjå om det er byrja å spire under. Er vi litt lenger frampå våren, er det kjekt å sjå kor mange ulike typar blomster vi finn. Bruk fantasien. Her kan vi lage ulike oppgåver.

Til slutt summerer vi opp kva vi har funne, anten vi har tatt bilete av det eller plukka det med oss. Eller vi kan rett og slett ta oss tid undervegs til å stoppe ved kvart funn og prøve å finne ut kva det er. Det er lurt å ha med seg ei plantebok som vi kan bestemme artane utifrå, eller eit bestemmelsesark.