Lag ein fugleholk 

Alder: Frå 6 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades for å hjelpe og rettleie.
Tid: 1 – 2 timar. 
Utstyr: Plankar, hammar, spikar, blyant, meterstokk, vinkelhake, borr av ulik storleik utifrå kva fugl ein vil ha som gjest. Beis og malekost.   

Tilgang på mat og hekkeplassar er med på å bestemme kor mange fuglar av ein art som hekkar innan eit spesielt område. Ein hekkeplass er ein plass der fuglane legg egg og rugar på dei til egga blir klekt. Dei nye ungfuglane har dette som bustad til dei er store nok til å klare seg på eiga hand.

Mange fuglar brukar holrom i til dømes gamle døande tre som hekkeplass, men på stader der desse trea er fjerna kan det vere vanskeleg å finne reirplass. Resultatet blir færre fugleartar og mindre biologisk mangfald. Her kan ein fuglekasse, også kalla fugleholk, vere god erstatning som hekkeplass.

Korleis lage fugleholken?
Fugleholkane kan ha ulik storleik og utforming, men her skal vi lære å lage den mest vanlege typen, ein kasse med flygehol der fuglane kan flyge inn og ut. Her får du oppskrifta på ein liten kasse som passar for småfugl som t.d. meisar.

Mål opp og sag til veggar og tak (A på illustrasjonen) til kassen. Vent med botn og takkloss. Ein av veggane er framstykke på kassen. Denne borar du hol i (B). Holet må vere i øvste delen av veggen (sjå måla nedanfor). Spikre saman veggane og taket. Margsida av materialane skal vende ut.

Mål til og kapp botn- og takkloss (D). Desse må vere tilpassa veggane, og blir festa med spikrar frå utsida. Botnen skal festast litt oppe i holken. Fest takklossen (D) i taket (A), slik at dette kan løftast av. Du bør beise/male fugleholkane med husbeis som har omtrent same farge som omgjevnadene der holkane skal henge. 

Mål på kassane, diameter på flygehol og høgde frå botnen av flygeholet:

A = 25 cm. (veggar og tak)
B = 3 – 4cm. (flygehol)
C = 16 cm. (avstand frå botn til flygehol)
D = 12 cm. (Botn- og takkloss)

Kor skal fugleholkane henge?
Kor og korleis du skal henge opp fugleholkane er avgjerande for om fuglane vil bruke dei. Ein kan ikkje rekne med at alle holkane blir brukt. Heng dei opp i god tid før hekkesesongen, helst innan utgangen av mars. Du kan gjerne henge dei opp om hausten. Fuglar som overvintrar overnattar gjerne i desse.

Heng opp holkane slik at det ikkje regnar inn flygeholet, og litt unna greiner der kattar og andre dyr kan komme til. Du kan henge opp fugleholkar rundt husa, i skogkanten eller inne i skogen. Dei små holkane kan du henge opp i 1 meters høgde eller høgare.

Bruk ikkje spikar i trestammar når du henger opp holkane. Du kan godt bruke to eller fire vinkelskruar som du festar på baksida av kassen. Fest så nylontau i skruane og rundt treet. Eller du kan plassere fugleholken på ein greinstump på treet og slå ståltråd rundt både treet og kassen. For å stramme opp kan du stikke trepinnar mellom ståltråden og stammen. Skal fugleholken henge på husveggen kan du feste med spikar eller skruar.  

Hugs å gjere fugleholken rein! Ta av taket og takklossen for å gjere reint, og fjern alt som ligg i kassen. Fuglane byggjer nytt reir kvart år, slik at holkane blir fylt opp med reirmateriale og ikkje kan brukast om dei ikkje er reine.