Bygg eit bål

Foto: Åge Avedal

Foto: Åge Avedal

Alder: Frå 10 år og oppover. Ein vaksen bør vere til stades.
Tid: 1/2 time eller lenger.
Utstyr: Ved, noko som lett tek fyr, fyrstikker.

Eit bål kan vere til nytte for så mangt. Det kan brukast til å lage mat på. Det kan brukast til å varme seg ved. Eit bål er også veldig ofte med på å skape ein god, og nesten magisk stemning. Det er fint å sitte rundt eit bål og prate, synge eller spele gitar, eller berre sjå inn i flammane og nyte roen.

Oppgåve:
Vi skal no lære å fyre opp ulike typar bål. Det er lurt å fyre opp bål på steingrunn, nær vatn. Då kan ein lettare ha kontroll og moglegheit for sløkking når det er naudsynt. Det er forbode å tenne opp bål i eller i nærleiken av skogsmark i perioden 15. april-15. september.  

Det finst fleire typar bål. Det mest vanlege er pyramidebålet. Vi startar då innerst med never, fliser og tørre kvistar, og legg tjukkare ved utanpå. Dette stiller vi i ei pyramideform. Vi må passe på at det kjem godt med luft til inn i bålet. Vi tenner bålet nedanfrå.

Andre typar bål kan vere pagodebål. Eit slikt bål lagar vi ved å legge vedkubbar lagvis i tette krysslag, med dei største nedst, og tynnare etter kvart oppover i laga. Øvst, flis og never. Vi tenner øvst, og dette vil drysse nedover og tørke veden under. Dette bålet skal ryke mindre. Når vi fyller på med ved, må vi legge det inntil bålet, i firkant rundt, og la det tørke litt før vi legg på.

Reflektorbål er eit vanleg bål som byggast inntil t.d. ein stein. Denne reflekterer strålevarmen mot t.d. ein liggeplass. For å lage eit slikt bål, bør ein ha løyve frå grunneigar.

Bålpanne er ei stor gryte der ein kan fyre bål, og som er mindre brannfarleg sidan bålet kjem opp frå bakken. Bålpanne er ofte god å bruke når ein skal lage mat, og kan kjøpast med forskjellig utstyr, som rist, steiketakke og kjele.

Ved kan vi finne ved å sanke tørre kvistar nedst på store, gamle grantre. Dei er som oftast tørre og lette å fyre med. Bjørkenever er fin å tenne med, men ta berre ytste laget, og berre litt på kvart tre. Rekved på land ved elvar og vatn, kan også vere tørre og fine.

Vi må aldri forlate eit bål som ikkje er heilt sløkt. Vi må også passe på å rydde nøye opp etter oss.