Oppdemming av bekken

Foto: Eli Styve

Foto: Eli Styve

Alder: Frå 5 år og oppover. Ein vaksen må vere til stades
Tid: Ein time eller lenger
Utstyr: Ev. plankebitar, hyssing, småspikar, hammar, spikkekniv.

Ein liten bekk er ein herleg leikeplass! Så lenge ute-temperaturen er nokolunde, så fingrane ikkje vert blå, kan ein halde på lenge.

Oppgåve:
Leiken er som regel lett å setje i gong. Ta med litt lette småplank, spikar og hammar. Kanskje nokon vil byggje vassmølle? Demning er alltid spanande, og kanskje nødvendig for å få samla nok vatn til å få ordentleg fres på mølla? Elverafting med barkebåtar? Konglekyr? Ei heil seter? Her gjeldt det å vere ein leikande vaksen og overføre ting du sjølv gjerne dreiv med når du var liten.

Refleksjonsdel:
Når ein har fått på seg tørre sokkar etter leiken har ein fått ut energi og laga ein felles plattform å diskutere kva konsekvensar endringar i naturen får.

Kva ville fisken sagt til den nye mølla? Er det andre som hadde fått kjenne på konsekvensane av oppdemminga? Om setra låg i vasskanten, kva hadde skjedd då - når vatnet steig? Kor kjem vatnet i elva frå? Og kor er det på veg?

Om du brukar materiale du har teke med, så hugs å ta med byggverka og opne bekken att så den ikkje fløymer over og endrar retning når de har gått heim. Ver gjerne fleire vaksne, slik at nokon kan kaste seg fullt og heilt inn i diskusjon og leik, mens ein heldt oversikt over gruppa: Ein skal alltid ha respekt for drukningsfare ved aktivitetar nær vatn.