Bli kjent med fuglane

Foto: Kyle Szegedi - via www.unsplash.com

Foto: Kyle Szegedi - via www.unsplash.com

Alder: Frå 3 år og oppover.

Ved å studere fuglar på eit fuglebrett eller rundt fuglemataren kan du bli kjent med overvintrande fuglar i nærmiljøet og få kunnskap om fuglane sine næringsvanar. Du får innblikk i fuglane sin konkurranse om maten. Og ikkje minst kan du hjelpe fuglar i nærmiljøet til å overleve gjennom vinteren. På www.fuglevennen.no kan du spørje ein fugleekspert, ein ornitolog.

NB! Meisebollar og fuglekassar bør plasserast på ein slik måte at born ikkje kjem i direkte kontakt med snøen under. Avføring frå fuglane kan innehalde til dømes salmonella som kan gje alvorlege infeksjonar. Vær nøye med reinhaldet.

Lag ein meisebolle
Butikkmaten er ofte harsk og dårleg. Fuglane elskar derimot ein meisebolle. Slik lagar du den:

2250 gram delfiafett
1000 gram skrelte solsikkefrø
1000 gram havregryn lettkokte
500 gram knuste hasselnøtter
250 gram hakkete mandler

Smelt delfiafettet i ein kjele og tilsett frø, gryn og nøtter. Fyll alt over i ein mjølkekartong, og lat det stivne. No kan du skjære opp kartongen og henge opp meisebollen, eller du kan lage hol og luker i kartongen og hengde den opp. Heng den gjerne opp i eit tre eller buske som du kan sjå frå eit vindauge i huset. Då kan du følgje med på aktiviteten heile vinteren.

Kva kan vi observere på fuglebrettet?

Artar og tal
Observer fuglebrettet regelmessig (kanskje ein halv eller ein time kvar veke?). Noter kva artar som er innom, og kor mange fuglar det er av dei ulike artane. Bruk fuglebøker, internett eller last ned ein fugle-app til mobilen. Merk at det kan ta nokre dagar frå brettet er sett opp til fuglane oppdagar maten og venner seg til brettet.

Registrer temperaturen
Er der fleire fuglar på brettet når temperaturen er låg enn når det er varmare i veret?

Kva likar dei å ete?
Om de lagar to eller fleire brett kan de legge ulik mat på bretta. Har de eit brett kan de variere frå veke til veke med kva type mat de legg på brettet. Kjem det ulike artar når mattilbodet er ulikt på brettet?

Konkurranse
I tider med lite mat kan ein ofte sjå at fuglane konkurrerer med kvarandre om maten. Dei bryskar seg og jagar kvarandre bort frå brettet. Dei største fuglane vinn ofte slike kranglar. Notér ned slike observasjonar og prøv å vurdere om nokre fugleartar ser ut til å vere dominante over andre.

Ta bilete av fuglane
Ta bilete av fuglane på fuglebrettet. Prøv gjerne å ta bilete gjennom eit vindauge utan å skremme fuglane (hugs å slå av blitsen).

Kva artar ser du?
www.fuglevennen.no kan de finne foto og skildring av fugleartar, samt tips til aktivitetar. Bruk elles fuglebøker for å lære å kjenne igjen artane. Eller du kan laste ned ein app med bilete, lydar og fakta. Fuglar kan ha ulike fargar til ulike årstider. Ungfuglar er ofte litt forskjellige frå vaksne, og hos ein del artar er hoa og hannen ulike.