Tenn eit bål

Eit bål er koseleg og varmt. Mennesket har samla seg rundt bålet i tusenvis av år. Skal du lage eit bål, vær merksam på det generelle bålforbodet i tida 15. april til 15. september.

Dette treng du:

  • Tørr ved

  • Spikkekniv

  • Fyrstikker

  • Evt avispapir eller tennbrikett

  • Eit eigna område

  • Noko å sløkke bålet med

Slik gjer du:

Du kan forme bålet på mange måtar. Det viktigaste er å stable veden slik at du får ei lita "hole" der flammane kan starte og vekse seg utover, og at stabelen ikkje kjem til å rase saman når bålet har brent litt. Øving gjer meister, så prøv deg fram til du finn din favorittmetode. 

  1. Finn ein eigna stad med tørt underlag og der bålet ikkje kan spre seg.

  2. Stable nokre tørre vedbitar. Tenk deg at du skal lage ei lita "hole" midt i bålet.

  3. Legg noko som er ekstra lett å få fyr på innerst i bålet. Det kan vere avispapir, ein tennbrikett eller du kan spikke fliser.

  4. Tenn på, føl godt med om du må justere på bålet til det brenn skikkelig.

Ekstratips: Trefoting! Har du lyst å lage mat på bålet er ein trefoting fin å ha til å henge gryta i. Finn tre omtrent like lange stokkar. Dei bør vere nærare to meter lange. Legg stokkane på bakken og surr dei saman med hampetau i eine enden slik at dei kan stå stødig over bålet

Om aktiviteten:

Bål er så deilig og varmt! Men nokre tider på året kan flammane spre seg meir enn vi ynskjer.  Det er vårt ansvar å vere så forsiktig vi kan. I tida 15. april til 15. september er det ikkje lov å tenne ild i skog og mark. Det kan likevel vere lov der det openbert ikkje kan ta fyr, til dømes i sjøkanten. Tenk alltid gjennom korleis du vil sløkke bålet før du tenner på. Bål kan sløkkast med vatn, snø eller sand. Er du uheldig og ikkje klarar å sløkke brannen sjølv, så gje raskt beskjed til brannvesenet på tlf, 110 og få alle vekk frå området. Om det bles så må de gå gå mot vinden!