Pilefletting med norske tresortar
Dette treng du:
- Stikksag
 - Greinsaks
 - Rosesaks
 - Arbeidshanskar
 
Slik gjer du:
- Sjå deg ut ein krattskog med lange bøyelege greiner.
 - Avtal med grunneigar at du kan ta ned krattet og sette opp leveggar.
 - Det er best om dei ståande "stolpane" i leveggen står på eiga rot.
 - Rydd vekk tre og greiner rundt som ikkje passar.
 - Spenn opp langsgåande greiner i sikk-sakk mellom trea.
 - No kan du ta til med å flette leveggen slik du ser på biletet.
 
Obs! Her er det kraftig verktøy i bruk så pass på at alle har respekt for utstyret.
Om aktiviteten:
Leveggen kan halde seg i fleire år og har mange bruksområde. Du kan lune ein rasteplass, beskytte kjøkenhagen, lage klatrestativ for erteblomar eller bygge ein eventyrkrok - berre fantasien set grenser.
