Lag eit skilt
Dette treng du:
- Passande trestykke
 - Skarp, kort kniv
 - Skruar og skrujern
 - Sag
 - Om du får tak i jern til treskjering er du heldig, men det går også fint med spikkekniv
 
Slik gjer du:
- Gjer grovarbeidet først: Skjer til stolpen og lag hakk i tverrstokken.
 - Skjer ut det som skal stå på skiltet, og hugs spikkereglane!
 - Vurder om du treng å male nedi spora du har laga, slik at bodskapet er godt synleg.
 - Sett til slutt saman delane og fest med skrue eller surr med hyssing.
 
Spikkereglar:
- Bruk ein kniv som passar til formålet. Kort, skarp kniv med godt handtak er bra til spikking.
 - Spikk aldri mot deg og ikkje mot andre.
 - Ha fokus på det du held på med.
 - Legg kniven i slire på ein trygg plass sjølv når du tek ein kort pause.
 - Ha små og litt større plaster tilgjengeleg.
 
Om aktiviteten:
Du kan sleppe kreativiteten laus når du lagar skilt. Tenk litt på at den delen som skal stå i bakken må tole å stå fuktig lenge. Den delen du vil skjere i bør vere mjukare. Må du ta veldig hardt i er det lett for at kniven glepp. Gjer delane nesten ferdig før du tek til på finarbeidet, i tilfelle du opplever at veden sprikk. Ikkje set spikar eller skruar i levande tre. Når skiltet vert gamalt og oppbrukt så må ein hugse å fjerne skruar så ikkje nokon trakkar dei i seg.
