Kva er ein naturmøteplass? 

Ein kan godt seie at naturmøteplassane er friluftsversjonen av ballbingane.

Du treng ikkje å gå på dei høgaste toppane eller setje av heile dagar eller investere i dyrt utstyr for å få gode naturopplevingar.

Utan for mykje førebuingar kan du og familien din stikke bort på naturmøteplassen på ein vanleg ettermiddag og ha det kjekt ilag.

Kan alle bruke ein naturmøteplass?
Ja, naturmøteplassane er opne for alle. Sjå gjerne sida med informasjon for grupper.

Korleis finn eg ein naturmøteplass?
Det fins ikkje noko ope register over naturmøteplassar. Det er på grunn av at naturmøteplassane ikkje skal vere til dømes ein turistattraksjon eller komme i liknande bruk - dette vil føre til stor slitasje og krev meir tilsyn og vedlikehald enn ein kan forvente i eit frivillig system.

4H-medlemmer kan logge seg inn på www.kloverjakten.4h.no eller via ein app med same namn, og få ei oversikt over både 4H-gardar og naturmøteplassar i heile landet. Andre kan ta kontakt med næraste 4H-kontor. 

Kva kan ein finne på ein naturmøteplass?
Det er ofte bygd ein gapahuk på ein naturmøteplass. Det kan òg vere laga turstiar, badeplass, klatretre, utekjøken og buldrestein eller anna som eignar seg godt på staden.

Er naturmøteplass det samme som ein leikeplass?
Nei. På ein naturmøteplass vert det lagt til rette for at barn og unge skal få lære å bruke naturen og verte glad i den slik den er, heilt naturleg. I naturen er det ikkje begrensa høgder, vinklar og fallunderlag. Difor er det viktig at dei unge har eit godt følge, som kan gje dei den støtta dei treng. Då kan dei skaffe seg trygge og kjekke friluftserfaringar, noko som dei vil ha glede av for resten av livet. 

Reglar for bruk: 

  • Bruk bålvett. Ta med eigen brensel og pass på at bålet er brent heilt ned før de går. Ikkje kast vatn på grua, den kan sprekke. 
  • Ta med søppel når de går.
  • Legg alt utstyr ryddig tilbake.
  • Alt av tauverk/tarzanløyper e.l. som vert hengt opp, må takast ned att før de går.
  • Ikkje gå på taket.
  • Kjem det fleire besøkande må de dele på plass og utstyr.
  • Alkohol og røyking er ikkje lov.
  • Meld frå til den lokale driftaren om noko ikkje er i orden på naturmøteplassen.