For grupper

Planlegg du ein tur til ein naturmøteplass med ei gruppe kan det vere lurt å lese her.

På ein naturmøteplass vert det lagt til rette for at barn og unge skal få lære å bruke naturen og verte glad i den slik den er, heilt naturleg. Difor er det viktig at dei unge har eit godt følge, som kan gje dei den støtta dei treng. Då kan dei skaffe seg trygge og kjekke friluftserfaringar, noko som dei vil ha glede av for resten av livet. 

Når du skal førebu aktivitetar for ei gruppe, kan det vere lurt å bruke eit planleggingsverktøy i forkant, det kan du lese meir om her. Les også gjerne om naturmøteplassen som læringsarena.

Korleis finn eg ein naturmøteplass? 
Det fins ikkje noko ope register over naturmøteplassar. Det er på grunn av at naturmøteplassane ikkje skal vere til dømes ein turistattraksjon eller komme i liknande bruk - dette vil føre til stor slitasje og krev meir tilsyn og vedlikehald enn ein kan forvente i eit frivillig system. 

4H-medlemmer kan logge seg inn på www.kloverjakten.4h.no eller via ein app med same namn, og få ei oversikt over både 4H-gardar og naturmøteplassar i heile landet. Andre kan ta kontakt med næraste 4H-kontor. 

Greit på hugse når fleire skal besøke ein naturmøteplass:

  • Grupper, bursdagsbesøk e.l. må ta kontakt i god tid for avtale. Det er ikkje grunneigaren, men klubben/laget som driftar plassen de skal gjere avtale med. 
  • Grupper betaler klubben/driftaren litt for bruken av plassen. Prisen varierer. Spør gjerne om det er 4H-medlemmer som vil tene nokre kroner til seg sjølve eller til klubben, for eksempel i samband med tillaging, aktivitetar eller opprydding.
  • Det kan hende at det kjem andre turgåarar som har tenkt seg innom plassen. Då må ein forsøke å dele etter beste evne. De skal ikkje vise dei vekk, sjølv om de har gjort ein avtale om lån av plassen på førehand. 
  • Alkohol og røyking er ikkje lov på naturmøteplassen.