Kven lagar ein naturmøteplass? 

Naturmøteplassane er laga for, av og med lokalsamfunnet - for felles glede og trivsel. 

Det betyr at lokale organisasjonar og eldsjeler går saman om å skaffe finansiering og å organisere dugnadsarbeidet. Aktuelle partar her kan til dømes vere 4H-klubbar, idrettslag, jeger og fiskarlag og pensjonistlag - eller via bulystprosjekt og liknande. 

Lokale bedrifter bidreg ofte til lokale naturmøteplassar, anten det er med finansiering, rettleiing eller tenester. Det finst òg fleire stiftingar der ein kan søkje om finansiering til slike prosjekt. Dette kan du lese meir om under delen Prosjektpakka.

Barn og unge skal vere med i heile prosessen, frå planlegging til bygging. Dette fører til naturmøteplassane vert brukt og tekne vare på for ettertida.