Naturmøteplass som læringsarena

Både skular og barnehagar brukar naturmøteplassane.

Å vere ute kan vere ei kjærkomen avveksling frå det å vere inne i klasserommet - ein kan til dømes utføre matlaging, ha fysisk aktivitet, ha det kjekt og sosialt og lære om ulike emne innan naturfag. Du kan finne dei aller fleste fag på alle nivå ute i naturen.

Gå gjerne til delen Aktivitetstips for å finne kjekke aktivitetar ein kan gjere ute på naturmøteplassen.

Skular og organisasjonar kan søkje midlar frå den naturlege skulesekken for å lage undervisning tilpassa eit naturområde. Du kan òg sjekke ut www.skoleskogen.no som er ein nettportal for lærarar, skuleleiarar, foreldre og andre som er interessert i tverrfagleg undervisning. For undervisningsopplegg med mat kan du laste ned ferdige undervisningshefte hos Geitmyra matkultursenter for barn.

Om det er fleire skular eller barnehagar i nærleiken er det lurt å koordinere bruken.