Å vere aktiv i naturen

Å delta i friluftslivet gjev verdifulle erfaringar. I den norske naturen finn vi utfordringar, inspirasjon, glede og meistring.

Naturen gjev oss så mykje godt. Det er ei enorm glede å få bidra til at "arven" - friluftsgleda - går vidare til neste generasjon. 

I naturen kan vi utforske, leike, spikke med kniv og tenne bål. Lære seg å bruke elv, sjø og vatn, snø og is. Vi kan lære oss å vise omsorg for natur og dyr. Vi kan lære å kjenne att og respektere gammalt kulturlandskap. Og verne om naturen i ei ny tid. 

Bevegelse viktig
Stadig meir forsking fortel oss om kor farleg det er å ikkje bevege seg. Men skaden som kjem av å ikkje bevege seg, er mindre synleg enn han som braut armen då han stod på ski. 

Dei fleste som har lært å spikke, har ein eller annan gong skore seg i fingeren. Verdien av å kunne handtere reiskap er verdt det. Nokre gonger kan ein ramle. Verdien av å lære seg å bruke kroppen sin overgår holet på buksekneet. Skrubbsåret og. Det er rett og slett meir farleg å la vere.

Dele gleda
Tenk tilbake: Kor kom di eiga friluftsglede frå?

- Det var nokon der, sant? Nokon som tok deg med, som viste deg, som leika og undra saman med deg. Det same kan du gjere for nokon. Det er stort!

Trygge rammer
Å ta med menneske ut i noko dei ikkje kjenner ber alltid med seg eit visst ansvar. Det er det same ansvaret om du er på byvandring eller på skogsvandring. Om vi planlegg godt kan vi nesten alltid unngå større uhell. Og med øving og rett utstyr kan du lære deg å handtere det uforutsette òg. 

Ha med nok vaksne. Ha tydeleg struktur, så alle veit kva dei har ansvar for. Kjenn området og ta hensyn til vêr og føre. I venstremenyen finn du forskjellige verktøy du kan bruke. 

God tur!
 

Instruksar ved uhell

Du finn verktøy for forebygging i menyen.

 

  1. Ta leiing, skaff oversikt.

  2. Bedøm raskt behovet for førstehjelp og sett i gang dette.

  3. Organiser arbeidet og fordel oppgåver.

  4. Sikre skadestaden.

  5. Varsle nødvendige naudetatar. Telefon 113 er alltid open for å hjelpe deg å vurdere situasjonen.

 

BRANN: 110

POLITI: 112

AMBULANSE: 113

 

 

FORDEL DESSE OPPGÅVENE:

 

  • Ta vare på dei andre leiarane og deltakarane.

  • Varsle beredskapsleiar dersom han/ho ikkje er tilstades. 

  • Føre logg undervegs.

  • Vere i kontakt på ulykkesstaden og tilgjengeleg på telefon.

  • Varsle andre på varslingslista (ligg nederst, scroll ned).

  • Hjelpe involverte til å kontakte sine næraste. 

 

NB: Ved større hendingar skal pårørande til forulykka og skadde bli varsla av politi, sjukehus eller prest.

 

 

MEDIA:

  • Ikkje still deg til rådigheit for pressa. Vis pressa til politi eller generalsekretær i 4H Norge.

  • Sørg for at medlemmar og pårørande skjermast frå presse.

  • IKKJE offentleggjer navn på hardt skadd eller omkommen person, det er politiet si oppgåve.

 

 

Instruksar for konkrete hendingar:

Instruksane er henta frå 4H Norge sin BEREDSKAPSPLAN.

 

leteaksjon ved savnet deltaker:

  1. Hvor ble personen(e) sist sett? Gå raskt igjennom dette med alle deltakerne.

  2. Forsøk å avgrense området.

  3. Er situasjonen uoversiktlig eller kritisk, ring 112 straks!

  4. La minst én leder bli igjen med medlemmene. Disse holder seg i ro på leirplassen, eller tilsvarende.

  5. Resten av lederne og de eldste medlemmene fordeler leteområdene mellom seg. Gå alltid to og to sammen! Avtal en samling minst hvert 15. minutt.

  6. Etter 30 minutters leting skal politiet ringes på telefonnummer 112.

  7. Informer politiet grundig og systematisk og vær tilgjengelig.

  8. La politiet bestemme hvor lenge og hvor dere skal lete videre etter varsling. Overlat ansvaret for leteaksjonen til politiet, det er deres ansvar.

 

 

grenseoverskridende seksuell atferd og overgrep mot barn og unge:

I saker som gjelder grenseoverskridende seksuell atferd eller seksuelle overgrep mot barn og unge, må det utvises varsomhet. Dersom du som ansatt eller frivillig i 4H får kjennskap til en slik situasjon, forholder du deg til følgende:

  1. Gå forsiktig fram, og behold roen.

  2. Få oversikt over hva som har hendt, og gjør om mulig notater. Ta kontakt med nærmeste leder.

  3. Nærmeste leder kontakter 4H Norge v/ Generalsekretær eller administrasjonsleder for å få råd om hvordan situasjonen skal håndteres videre. Telefonliste lenger nede. 

  4. Dersom et barn eller en ungdom betror seg til deg, må du lytte og ta det du hører på alvor. Du må aldri love at du ikke skal si det videre. Si heller at du vil hjelpe så godt du kan, og at du vil stille opp for den det gjelder.

  5. Mistanke om at en mindreårig er utsatt for seksuelle overgrep, f.eks. ved en betroelse til deg kan sendes som bekymringsmelding til lokalt barnevern, eller tas opp med helsesøster eller øvrig hjelpeapparat i kommunen.

  6. Politiet skal varsles når det foreligger mistanke om grove overgrep som voldtekt, voldtektsforsøk eller andre mulige strafferettslige forhold hvor etterforskning kan være påkrevet. Politiet vil kunne koble inn barnevern og annet hjelpeapparat i saker som gjelder mindreårige.

  7. I voldtektssaker må voldtektsmottak kontaktes, slik at det kan sikres bevis og gis oppfølging og behandling. Kontakt legevakten snarest mulig, den vil videreformidle informasjon om nærmeste voldtektsmottak.

 

 

Varslingsliste for 4H Norge:

 

Ring organisasjonsrådgjevar i fylket, fylkesstyreleiar, evt. klubbrådgjevar A i aktuell 4H-klubb, eller eigar av aktuell 4H-gard først om du har telefonnummeret tilgjengeleg. 

Her finn du telefonnummer til alle som jobbar i sekreteriatet i 4H Norge

Her finn du kontaktinfo til fylka (høgre meny)

DagRos


 

Når situasjonen er under kontroll:

 

  1. Skriv rapport frå hendinga.

  2. Be andre vaksenleiarar om å skrive hendingsrapport.

  3. Vurder behov for vidare oppfølging av involverte, i samarbeid med fylkeskontoret. Hugs å ta omsyn til dine eigne behov også.

  4. Kartlegg behov for å arrangere eit møte for involverte der det blir informert om krisehandteringa og hendingsforløpet i krisa. Eit slikt møte bør arrangerast i samarbeid med fylkeskontoret.

 

Dette er kun enkle verktøy til bruk i stressa situasjonar. For førebuande arbeid og utfyllande informasjon, bruk den fullstendige beredskapsplanen til 4H Norge. 

DagROS: Eit planleggingsverktøy

Her kan du laste ned og lage di eiga risiko- og sikkerheitsanalyse (ROS-analyse). Vi kallar det DagROS fordi dette er eit kjapt verktøy for mindre turar eller arrangement. 

Poenget med å føreta ei ROS-analyse er å tenkje systematisk gjennom kva som kan skje, korleis vi kan unngå at det skjer, og kva vi kan gjere dersom det skulle skje likevel. Å pakke tursekken er som ein liten ROS-analyse - kan det hende at eg vert våt på beina? Treng eg gnagsårplaster? Ta det med i sekken, så er du førebudd. 

Eit skjema kan kanskje verke litt kantete og strevsamt dei første gongane, men det er fleire fordelar med dette:

  1. Du får systematisert tankane og kvalitetssikrar at du har tenkt på alt. 
  2. Du har eit bevis på at du har planlagt godt og tatt omsyn til sikkerheita. 
  3. Du kan ta vare på skjemaet og bruke erfaringane neste gong du skal planlegge. 

Det er viktig at alle som er med i planen kjenner til den og veit om oppgåvene sine. Aller best er det at de lagar planen i lag. Hugs òg at det ikkje alltid er utstyr som er viktigast. Er det nokon som kan førstehjelp? Har vi lagra kvarandre sine mobilnummer? 

Last ned skjemaet: ROS-SKJEMA
 

Beredskapsplan

Me anbefalar å ha eigne beredskapsplanar for all organisert aktivitet. 4H Norge har utarbeidd ein beredskapsplan med tiltakskort som gjeld for all aktivitet i 4H sin regi, frå store leirar til enkle klubbaktivitetar. 

Planen og tiltakskorta inneheld nyttig informasjon, og vi oppfordrar alle frivillige, foreldre og medlemmar til å lese desse.

Beredskapsplanen kan du lese her på sidene til 4H Norge.
 

Rapport ved uhell

Har det først skjedd eit uhell er det viktig å sortere: Kva var det som skjedde, kvifor skjedde det, og kan vi gjere noko for å forhindre at det skjer igjen? 

Er du tilknytt ein 4H-klubb kan det vere riktig å sende eit skjema for ei uønska hending til ditt næraste 4H-kontor. Skjemaet kan du laste ned her: Rapport for uønska hending. På baksida av skjemaet finn du òg orientering om kva ein skal gjere med tanke på forsikring.

Om aktiviteten ikkje var organisert bør du uansett gjere deg eit notat når hendinga er ganske fersk. Då har du det til seinare om det skulle verte nødvendig. 

Bli med på kurs!

Opplæringa gjennom Leiar i friluft-serien har hausta gode tilbakemeldingar.

Ein grunnmodul
Grunnmodulen i Leiar i friluft-serien heiter Trygg og sikker og er på 2x3 timar. Den inneheld ei samling på 3 timar med temaet leiarrolla, i tillegg til eit førstehjelpskurs i samarbeid med Røde Kors. 

To inspirasjonssamlingar
Når du har teke grunnmodulen har du moglegheit til å delta på inspirasjonssamlingane Flinke hender og God helse. Dei er på 3 timar kvar. Her får du tips til i kjekke aktivitetar som du kan lære vidare. 

Når du har gjennomført grunnmodulen og begge inspirasjonsamlingane har du fullført Leiar i friluft!

 

Det var ikkje berre nyttig, det var utruleg kjekt òg!
— kursdeltakar

Frivillig leiar og ansvar

Foto: Else Steig

Foto: Else Steig

Lurer du på kva ansvar ein eigentleg tek på seg når ein er frivillig leiar eller organiserer frivillige aktivitetar? 

Dette spørsmålet har Norges klatreforbund fått ein advokat til å gjere greie for. Eit utdrag, som er henta frå klatring.no, kan du lese her:


I hovedsak kan vi si at det dreier seg om fire plikter som arrangørene må oppfylle:

Opplysningsplikt:
Deltakerne skal gis tilstrekkelig informasjon til at de selv kan ”vurdere sikkerheten ved arrangementet og eventuelt sikre seg mot fare, med mindre dette klart fremgår uten slik informasjon”. Deltakerne må altså få klart for seg nøyaktig hva tilbudet går ut på, hvilke risiki som kan foreligge (utover de som er åpenbare), hva som er arrangørens ansvar og hva som er deltakernes eget ansvar, samt hva som kreves av deltakerne.

Aktsomhetsplikt:
Denne omfatter stort sett den samme aktsomheten vi er pålagt på alle livets områder, nemlig å gjøre det vi med rimelighet kan forventes å gjøre for å unngå å utløse ulykker.

Kunnskapsplikt:
Arrangøren skal ha tilstrekkelig kjennskap til risiki forbundet med arrangementet og kompetanse til å yte forbrukertjenesten på en forsvarlig måte. Arrangøren må også passe på at engasjerte instruktører/turledere/ledsagere har tilstrekkelig kompetanse og ”tilgang til nødvendig utstyr og materiale”. Det er opp til arrangøren å vurdere hva som er ”tilstrekkelig kompetanse”.

Plikt til risikoanalyse og forebyggende tiltak:
Arrangøren skal gjøre en systematisk vurdering av hvilke risiki for helseskade som kan forekomme eller oppstå, og treffe de tiltakene som anses fornuftige og nødvendige for å forebygge disse.

Som utredningen viser, pålegges arrangørene også noen administrative tiltak som vi ikke går nærmere inn på her, inkludert skriftlig dokumentasjon av enkelte ting.


Legg merke til at det står at deltakarane skal vere opplyst. Når det gjeld barn og unge skal sjølvsagt foreldre eller føresette ha same informasjon, slik at dei kan vurdere aktiviteten.

Her kan du lese teksten i si heilheit på sidene til Norges Klatreforbund.

Her kan du lese notatet frå Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA. 
 

Inkludering og tilrettelegging

 

 

 

Nokon er villare enn andre

Foto: Heidi Vallestad

Foto: Heidi Vallestad

Som aktivitetsleiar har du garantert erfart at nokre barn og ungdommar er meir risikovillige og urolege enn andre - og det er heilt normalt.

Dette kan by på utfordringar når du står ansvarleg for aktiviteten. Her følgjer nokre tips.
 

  • Enn så irriterande det kan vere med ungar som utfordrar: Skill mellom sak og person. 
     
  • Kan du snu den ekstra energien til ein fordel? Mange som har uro i seg reagerer positivt på å få ansvar. 
     
  • Etabler eit ope samarbeid med foreldra. Be om råd til å løyse aktivitetar du er usikker på korleis barnet kan meistre. 
     
  • Struktur og forutsigbarhet er viktig. Fortel kva som er forventa. 
     
  • Unngå lange og kompliserte beskjedar. Del opp i steg-for-steg. 
     
  • Tenk ut ein alternativ aktivitet der det er mogleg. Det kan vere så enkelt som å ta med ein fotball. 
     
  • Informer godt på førehand om kva som skal skje og kva ressursar de har, så er det enklare for dei heime å vurdere om dette er ein aktivitet barnet kan gå på aleine. 
     
  • Har du risikovillege barn i gruppa så er det ekstra viktig å jobbe med dei andre barna sin bevissthet på sikkerheit og eigne val, slik at dei ikkje følgjer etter om nokon finn på ting som ikkje er så lurt. Prøv for eksempel å fylle ut ein DagROS saman før ein aktivitet, slik får du fleire til å ta ansvar. 
     
  • Hugs at du som er frivillig skal prøve å legge til rette slik at alle kan trivast. Kjem du likevel dit at du føler barnet har for store utfordringar til å delta på fritidsaktiviteten uten ekstra støtte kan det verte nødvendig å melde i frå til foreldra om det. I så fall er det lurt å hente hjelp og støtte i næraste fylkeskontor først.
     
  • På nettsida www.fritidmedmening.no kan du lese om løysingar for barn og unge som treng ekstra hjelp for å kunne delta på fritidsaktivitetar (dette er det foreldra som må søke om).

 

Frå bloggen til Magnus Jackson Krogh (http://www.adhd-inspirasjon.no/adhd-sterkere-en-noe-annet/):

Vi med ADHD blir ikke sint, vi blir kok forbanna. Vi blir ikke trist, men vi blir helt knust.
V
i blir ikke bare glad, vi bli værdens lykkeligste person. 
Det jeg mener er at følelsene våre er så sterke, vi går inn i alt med livet som innsats.
Det er fryktelig slitsomt, men samtidig så tror jeg det er en bonus.
At vi lever og opplever mye sterkere enn andre mennesker, på både godt og vondt. 
Når æ blir forelska går jeg inn i det med hud og hår og med livet som innsats.
Resultatet har alltid blitt det samme.
Jeg frykter, at enten kveler jeg det med lidenskapen min ellers flykter den jeg er forelsket i.
Jeg har også nesten tatt livet av vennskap på grunn av manglende impulskontroll og blir sint som et hellvette og lager skikkelig faenskap rundt meg.
Her er en liten beskrivelse jeg syns passer perfekt: Når æ ælske, gjør jeg det intenst, sterkt og voldsomt. Når æ sørge, e mitt hjerte knust i tusen biter.
Alt jeg gjør, gjør jeg mer. Alt jeg ser, er skarpere. Alt jeg hører, er vakrere og vondere.