Plukke einebær
            5-6 knuste einebær set ein fantastisk smak på kjøtrettar, til dømes jegergryte.
Du treng:
- Oppvaskhanskar
 - Noko å plukke i
 - Tørkepapir
 - Små glas eller kremmerhus av papir
 
Slik gjer du:
- Bruk hanskar, buskene er stikkete. Oppvaskhanskar er praktiske.
 - Plukk dei mørke einebæra, dei grøne er ikkje modne.
 - Ta bæra med heim, legg dei på tørkepapir nokre dagar til dei er tørre. Varmluftomn under 50 grader kan brukast.
 - Pynt glasa eller lag små kremmerhus/papirposar slik de ynskjer.
 - Legg bæra oppi emballasjen og vips! Ei fin gåve eller til eige bruk.
 
Om aktiviteten:
Dette er ein fin gåve- eller matskuleaktivitet.
        
          Featured
        
      
      
      