Informasjon om konkuransen

Draumeplassen er ein konkurranse som er retta mot barn og unge i klubb eller lokallag i Møre i Romsdal. I denne konkurransen er det prosjektperioden som er i fokus. Skaperglede, lokalt engasjement, bærekraft og gode verdiar er sentrale.

For å delta i konkurransen om å vinne 100 000 kr og prosjekthjelp må søkarane gjennom to ulike fasar før juryen til slutt kårer 5 vinnarar.


Fase 1
“søknadsfasen”

Søknadskjema finn de ved å klikke her.

image-asset.jpeg

I denne delen av konkurransen skal de fylle ut eit skjema og levere ein kort video på ca 1.minutt. Under bearbeiding av søknaden kan prosjektleiar kontaktast for veiledning og hjelp med utarbeidelse, og innhenting av informasjon. Ønskje er at born og unge skal være med i utforming av søknaden.


Film og søknad må sendast inn til prosjektleiar før 20.01.2021.

Kriterier som vil bli vektlagt i denne delen av konkurransen:

  • Søknad og film som viser motivasjon for prosjektet

  • Plan for barn og unges deltakelse i prosjektperioden

  • Lokal nytteverdi av ein naturmøteplass

  • Naturmøteplassen sin beliggenhet og adkomst.

    -       Prosjektet må vere i Møre og Romsdal

    -       Pluss om prosjektet har universell utforming

    -       Pluss om det er avtale med grunneigar.

  • Tankar om bærekraft, vedlikehold og drift.

    -       Pluss om prosjektet har fokus på kulturhistorie

    -       Pluss om prosjektet har fokus på tradisjonelle byggeteknikkar.

Når søknadsfristen er over vil ein jury velge ut 10 søknadar som går videre til fase 2 i konkurransen.


Fase 2
“Praktisk gjennomføringsevne”

image-asset (2).jpeg

I fase 2 vil søkjarane og prosjektleiar gjennomgå ei rekke sjekkpunkt for å kvalitetssikre at prosjektet er praktisk gjennomførbart og levedyktig. Dokumentering av prosjektet, budsjett, framdriftsplan, vedlikehald og drift er viktige faktorar i denne fasen.

Sjekkliste vil bli utsendt ved avansering til fase 2.

Søknadane til Fase2 skal være sendt inn til prosjektleiar i april 2021.


KARIANNE ELLEFSEN SKOTTE, PROSJEKTLEIAR DRAUMEPLASSEN MØRE OG ROMSDAL.

E-POST: KARIANNE.SKOTTE@4H.NO TLF.NR: 481 04 468