Registrer naturmøteplassen - på 10 minutt!


Kvifor skal me registrere naturmøteplassane i 4H? 

- Fordi det skal vere mogleg å finne dei: 4H medlemar kan logge seg inn på kløverjakten-appen på telefonen med medlemsnmmer og passord. Andre kan ta kontakt med nærmaste 4H-kontor. (Det kjem ikkje noko ope register over naturmøteplassane på nett.)

- Fordi registrering gjev oss eit grunnlag til å søkje pengar som kjem naturmøteplassane til gode. For eksempel er nettsida du brukar no finansiert med slike midlar. 

Slik registrerer du: 

  • Logg deg inn som klubb eller 4H-gard i 4H sitt medlemsystem. På høgre side er det ein fane merka "naturmøteplass".  
  • Skriv maks 150 ord om naturmøteplassen og last opp nokre bilete.  Husk å trykk lagre ofte, så du ikkje mistar info undervegs!
  • Så hakar du av i boksane om det er toalett mm. 
  • Registrer GPS-koordinatane.

Slik finn du GPS-koordinatane for naturmøteplassen: 

  1. gå til www.norgeskart.no
  2. zoom inn på naturmøteplassen
  3. Klikk på punktet du vil ha koordinatane til. Då kjem det eit plussteikn som du klikkar på.
  4. Trykk på info-teiknet (ein stor i) 
  5. Velg" EU89-geografiske grader"
  6. Du får no opp fleire skrivemåtar på både lengde og breddegrad. Du treng den øverste av kvar. 

(Får du meir enn meir enn seks tal bak punktum fjernar du dei bakerste tala.)

Du kan alltid gå inn på medlemsregisteret til 4H og oppdatere informasjonen.